Det er fire jenter og éin gut som etter søknad er tatt ut til å delta på proffveka i Stryn måndag 7. august til fredag 11. august. Dette er Eid-spelarane Tuva Alsaker, Tuva Sigdestad Lund, Emilie Stadheim Skrede, Dina Taklo og Eirik Nor Midthjell.

Det er plass til 45 jenter og 45 gutar, og arrangørane melder om stort søkjartal. Dei som ikkje er med i uttaket står automatisk på venteliste.

Proffveka er eit tilbod til ambisiøse gutar og jenter som ynskjer å satse på fotball.

Det er Johann Sigurdsson og Frank Hool i Stryn Fotball som står for uttaket. Heile uttaket kan du sjå her.