For fellesskapet

For få veker sidan feira vi med brask og bram 17. mai. Dette er vår store festdag, og det var vel få som sende nokon tankar til dei som stod på for at vi andre kunne feire med flagg, tog, korpsmusikk, barneleikar og nok is.

Årets 17. mai-nemnd tar bladet frå munnen i avisa i dag. Frustrasjonen har vore stor over alle eidarane som rett og slett ikkje gidd å stille opp når dei vert kalla inn for å gjere sin del av fellesdugnaden.

Alle må ta sin tørn. På Nordfjordeid har det vore tradisjon at det er 35- og 55-åringane som tek seg av nasjonaldagen. Slik har det vore i årevis. Men siste åra har tendensen vore klar. Færre og færre bryr seg med møte opp. Berre 12 av 75 møtte opp på første innkallinga til årets 17. mai-nemnd. Leiar Arild Løset har heilt rett i at dette er altfor dårleg.

Er det verkeleg slik vi vil ha det på Nordfjordeid. Har vi ikkje samvit? Vi har høyrt historier frå fleire kantar at folk skyr dagen. Dei unnskyldar seg med at dei er bortreist på dagen. Andre seier ein er sjuk, men flyr i fjellet i staden. Alt for å unngå å jobbe i den frykta 17. mai-nemnda. Dette blir for dumt. Alle kan bidra – på ein eller annan måte.

Årets 17. mai-nemnd meiner folk hadde blitt positivt overraska om dei blei med. Dei hevdar det både er kjekt og sosialt.

Alle vil ha ei flott feiring, og nokon må gjere jobben for at vi skal få den feiringa vi ønskjer.

Eit alternativ er at eit tredje årskull blir kalla inn i nemnda, for å sikre at nok folk stiller. Men det kan igjen føre til at fleire trur det er mogleg å sluntre unna, fordi ein tur at det no er nok av folk å ta av.

Ein annan ting er å gjere kvar 35- eller 55-åring ansvarleg for å finne erstattar, om dei sjølve ikkje kan stille. Eller at ein innfører at ein kan betale seg ut av dugnadsarbeidet. For mange er nok det det lettaste. Men er det slik vi vil ha det på Nordfjordeid – på vår flotte festdag? Det burde vere slik at det er kvar sin gang å stille opp.