Erfaringsmessig er det mange som ønskjer seg nytt pass i mai og juni. I dag er det skulefri kvardag, og dermed kan det fort bli kø av folk som vil ha nytt pass ved Eid lensmannskontor. Fjordabladet får opplyst at dei aller fleste brukar å kome frå klokka eitt og utover, og at det derfor kan vere lurt å oppsøke lensmannskontoret tidlegare på dagen om ein har mulegheit til det.

Ikkje bestilling

NRK har sjekka situasjonen på dei store politistasjonane i Oslo, Bergen, Trondheim, Grenland og Kristiansand. Alle har omkring ein månads ventetid for å få time til å bestille pass. Ved Eid lensmannskontor er det ikkje timebestilling for å få nytt pass. Her er det drop in-timar, altså slik at ein får nytt pass ved oppmøte.