Namnenemnda for Eid/Selje har vedteke å gå vidare med følgjande kommunenamn; Selja, Eid og Stadt. Dei har gjort ei vurdering mellom anna med utgangspunkt i innkomne forslag og i samråd med språkrådet.

Sakshandsamar i Eid kommune, Gerd Fløde Bjørlo opplyser at det komande veke vil bli gjennomført telefonundersøking der eit representativt utval på 500 personar i Eid og Selje vil bli oppringt og får seie si meining om kva for eitt av dei tre namna dei ønskjer.

Stadt som kommunenamn var eit forslag som kom frå mange i begge kommunane. Mange frå Selje kommune hadde Selja som sitt forslag til kommunenamn og også ein del frå Eid ville ha Selja.

Namnenemnda, der Eli Førde Aarskog er leiar, skal møtast igjen 6. juni, og namnet skal vedtakast i felles kommunestyremøte 22. juni.