Det ortodokse klosteret i Selje blei oppretta sommaren 2014. Den første tida heldt dei til i eit naust i Moldefjorden. Seinare har dei flytta klosteret til eit bustadhus i Selje sentrum. No vil Sunniva kloster byggje ei lita kyrkje på øya Selja. Fader Domaskinos opplyser at dei har fått ei kyrkje som eit byggjesett av vener i Romania.

−Det var i fjor sommar at vi hadde besøk av munkar frå eit kloster i Romania. Dei såg vårt behov for å ha ein stad å vere på den heilage øya Selja. Difor har dei gjeve oss ei lita kyrkje som eit ferdig byggjesett som ikkje krev så mykje arbeid å få sett opp, seier Domaskinos. Munkane i klosteret har vore i kontakt med Selje kommune for å få bygsle ein tomt på austsida av øya Selja. Ikkje så langt i frå der klosterbåten kjem til land ved Bø.

På pålar

Selje kommune stiller seg i utgangspunket positive til at munkane skal få ha si eiga kyrkje på Selja. Men det blir opplyst at det no er opp til Sogn og Fjordane fylkeskommune ved kulturavdelinga å gje eit slikt byggjeløyve.

−Det er svært vanskeleg å få byggje noko på denne øya. Det er eit område der ein må ta mange omsyn, seier Gry Otneim som er sakshandsamar i denne saka for Selje kommune.

−Vi har no sendt denne søknaden om byggjeløyve over til Sogn og Fjordane fylkeskommune, så er det opp til dei å bestemme som denne kyrkja skal byggjast. Om klosteret får eit slikt løyve blir det i tilfelle å byggje heile kyrkja på pålar, fordi det ikkje er lov til å grave og lage grunnmur til dømes. Det skal vere minst mulig endring av terrenget, seier Otneim.

Mykje trakking

Eit anna argument mot bygging er at det vil auke trafikken av gåande på øya. I dag er denne trafikken allereie stor og ein vil forsøke å avgrense slitasjen på naturen på øya. Munkane håpar likevel på positivt svar frå fylkeskommunen, fordi dei gjerne vil vere til stades på denne øya der heilage St. Sunniva skal ha budd ein gong. Og sjølvsagt var denne Sunniva i utgangpunktet årsaka til at dei først valde å etablere eit kloster i Selje kommune. Øya Selja var også der det først vart etablert kloster her i landet, saman med Nidaros på 1100-talet.

Ville ha kloster

Då Sunniva kloster blei etablert i Selje i 2014 var planen å få byggje eit kloster på sjølve øya Selja. Då var dei også i kontakt med Riksantikvaren og hadde teikningane klare. Klosteret skulle innehalde kyrkjerom, ein stad å sove, sanitæranlegg, matsal, arbeidsrom, buer og gjesterom. Dei ville byggje klosteret rundt eit gardsrom der dei ville dyrke mat. Men etter to år er ikkje klosteret blitt realisert på grunn av strenge restriksjonar når det gjeld nybygg på Selja. Planane om kloster er såleis lagt bort, og no vil munkane ha ei lita kyrkje på øya i staden, om lag på same tomta der dei ønskte eit kloster.

I Selje kommune har det vore ortodoks kloster sidan sommaren 2014. Men munkane vil også ha ein plass på sjølve øya Selja.