– Sildegapet blir ein fantastisk fin opera, fastslår regissør Ronald Rørvik.

Arbeidet med den nye sildeoperaen er i full gang. Fredag inviterte Opera Nordfjord til kickoff, der seksti dugnadsfolk og aktørar var med.

– No er vi i gang, og kostyme- og snikkargjengen startar snart opp. Det er veldig kjekt å ha denne fellessamlinga, for det har vi ikkje hatt på mange år, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

Scenografane presenterte korleis dei tenkjer seg kulissane.

– Vi ser for oss hekken på ein båt, og at alt skal gå føre seg på båten. Her vert båt, brygge, silda og Turnhallen. Vi skal ikkje ha store sceneskift. Bakveggen vert ein horisont. Det vert forhåpentlegvis god speleplass. Vi er framleis litt i prosessen, men dette er hovudskissa vi jobbar vidare med, seier scenograf Åse Hegrenes.

Gler seg

No jaktar dei etter kle frå 50-talet.

– Vi har laga oss inspirasjonsbilde med festkle og arbeidskle. Om folk har ting så tar vi gladeleg imot. Er det hol i kleda er det ekstra bra, men ikkje ta med ting du er veldig redd for, påpeiker scenografen.

– Vi gleder oss veldig til denne operaen. Dette er forskingsarbeid fordi vi ikkje har vore med på liknande før, smiler ho.

Spennande

– Det blir spennande med urpremiere og å utvikle stykket. Det er ingen vanleg operamusikk. Her er både folkemusikk og musikal i det, seier Rørvik. Han synest det er eit privilegium å få vere med. Ettersom det er sildefiske på norskekysten som vert skildra, håper han operaen etter kvart skal spelast langs heile kysten, ikkje minst i operaen i Kristiansund.

Kjærleik og hemn

– Sildefiske førte også med seg fest, moro og dans. Her er kjærleiksforhold, intrigar, hemn, drukning, fyll og fest, røper Rørvik. Han skildrar folkeliv på kaia, eit barnekor med sildebarn, og ei dramatisk, fin scene med båtar som er ute og reddar.

– Det er ingen klassisk opera, men musikken er alltid melodiøs og lett. Her er ispedd både Nordfjordvals, halling og gamaldans, og det er mykje flott driv i musikken. Arne Sølvberg blir også med på hardingfele i orkesteret. I koret har vi flinke folk, men vi treng fleire, spesielt mannfolk. Vi må ha det største koret vi nokon gong har hatt, fastslår musikalsk leiar Michael Pavelich.