–Å sitje som toppleiar i ei og same verksemd over så lang tid er krevjande, og på eitt eller anna tidspunkt skal andre ta over. Helse Førde har store oppgåver framfor seg. Eg tenkjer at det kan løne seg at nye auge ser på korleis oppgåvene skal løysast, seier Jon Bolstad.

Styreleiar Agnes Landstad i Helse Førde seier at Jon Bolstad har vore ein framsynt og utviklingsorientert leiar som har arbeidd for å betre kvaliteten på helsetenestene til innbyggarane. Helse Førde har halde tritt med ei rivande utvikling i spesialisthelsetenestene. Føretaket gjev i dag tenester med god kvalitet til pasientane i Sogn og Fjordane, så god at det blir vist nasjonal merksemd.

–Jon Bolstad har fått til mykje, og det har tidvis vore krevjande. Eg har full forståing for at han har søkt nye arbeidsoppgåver og vil takke han for innsatsen i Helse Førde, seier Landstad.

Sjukehusapoteka Vest er det største farmasifaglege miljøet på Vestlandet med ein årleg omsetnad på om lag ein milliard kroner.

–Sjukehusapoteka Vest er ei nytenkande verksemd. Dei satsar på nye teknologiske løysningar og tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betre kvalitet og meir effektive tenester til sjukehusa. Eg ser fram til å leie denne utviklinga vidare, seier Jon Bolstad.

Styret startar no arbeidet med å finne ein ny toppleiar i Helse Førde. Den prosessen kan ta noko tid. I mellomtida vil styret konstituere ein administrerande direktør.