Sagastad vikingsenter på Eid skal opne våren 2019. Nyleg har dei fått ny nettside der dei oppmodar folk om å gje gåver til opplevingssenteret og Myklebustskipet.

Dette er ei ordning som heiter crowdfunding. Der ein brukar sosiale media til å få ut informasjon i ulike land, og folk kan gå inn for å støtte med pengegåver. Som takk får dei ekstra informasjon og opplevingar tilknytt senteret.

Ordninga blei lagt ut på Sagastad sine nye nettsider fredag. Og allereie no har det kome respons frå mellom anna USA, Tyskland og England. Dette er frå menneske som er opptekne av vikingtida og vikingsenter, og gjerne vil vere med på å støtte eit slikt arbeid i ein norsk fjord på Vestlandet.

For dei som betaler inn pengar kan Sagastad tilby til dømes unike postkort, få namnet sitt på nettsida, ei visuell omvisning på nettet eller bildebok frå bygginga av Myklebustskipet. Den største gulrota er kanskje likevel deltaking i eit særskilt vikingarrangement våren 2019.