Meldinga om vekselsvindel kom rundt klokka åtte i kveld på politiet i Sogn og Fjordane sin twitterkonto. Her heiter det at "nokre personar driv med vekselsvindel på Eid. Dei forvirrar beteninga slik at dei får tilbake meir pengar."

Ifølgje operasjonsleiar Bengt Næss i politiet skal svindlarane ha laga mykje kaos og vore veldig pågåande, men det er ukjent korleis dei greidde å forvirre beteninga. Ei politipatrulje er sett på saka, ifølgje NRK.no.