Her er heile tala:

Gratulerer med fridomen. Med grunnlova. Med å bu og leve i eitt av verdas beste land - i ei festpynta bygd.

I dag feirar vi landet vårt. Noreg. Vi feirar "det norske".

Men kva ER "det norske"? Kva ER historia om Noreg frå 1814 til i dag? Kva er det vi kan gripe tak i og halde rundt på dei 203 åra som har gått sidan 112 menn sat samla på Eidsvoll for å skrive grunnlova, til vi er samla her på Plassen på Eid i dag? Det er ikkje heilt beint fram å svare på.

Men éin ting står klart. Historia om Noreg er ikkje historia om det beståande. Det er ei historie om endring. Om konstant endring - og om endringa si kraft.

Eg har lyst å dele med dykk ei 178 år gammal historie her frå Eid. Bli med tilbake til 1839 - 25 år etter at grunnlova vart til. Rett over elva her, på garden Øvre Os, budde det då ein ung kar på omlag 20 år som heitte Kristen Os. Oppe på Bjørlo der eg bur, på nabogarden min Bjørloflåten, budde ein annan kar som heitte Martinus Bjørlo. Martinus var 30 år, han hadde fått seg kone og hadde nettopp blitt far. Det året, i 1839, opna den første lærarskulen på Vestlandet, Stord Seminarium. Det fekk Kristen og  Martinus vite om. Spør ikkje meg korleis. Det her var lenge før lokalaviser, radio og Snapchat. Uansett: Dei fekk nyss om den nye lærarskulen på Stord. Og dei forsto at dette var deira livs sjanse. Dei skulle gå på den nye lærarskulen - koste kva det koste vil.

Martinus og Kristen gjorde noko som for oss er nesten ufatteleg. I lag med fire andre unge karar frå Nordfjord og Sunnmøre leigde dei seg ein seksæring - ein open robåt med tre par årer. Så stua dei alt dei eigde i båten, til og med ein vedovn, og rodde frå Eid til Stord. 40 sjømil - 300 kilometer i ein open liten båt, tungt stua med folk og bagasje. Seks karar og ei dame - kona til Martinus. Ho skulle lage mat til karane mens dei gjekk på lærarskulen. Ungen, som då var 1 eller 2 år, kunne dei ikkje ha med. Han sette dei vekk til Martinus sin onkel ute på Rysst på Hauane.

Ja, dei la faktisk ut på reisa utan ein gong å ane om dei kom inn på skulen! Dei berre for. Fordi utdanning var alt for dei. Og fordi dei forsto at det her var den éine sjansen dei fekk. Inn på lærarskulen kom dei. Alle seks. Dei fullførte lærarseminaret og reiste heim att til bygdene sine. Martinus Bjørlo starta det første lærarlaget for Nordfjord og Sunnfjord, og sørga for ein ny og betre skule i bygdene han og kameratane kom tilbake til. Som igjen var avgjerande for den rivande utviklinga i Nordfjord og på Sunnmøre siste halvdel av 1800-talet - og alt som seinare har skjedd.

Kvifor fortel eg det her? Fordi det seier noko om den krafta som ligg i folk. Til alle tider. Og det seier noko om suget etter utdanning, etter kunnskap. Med grunnlova kom universitetet. Med formannskapslovene og det lokale sjølvstyret kom lærarskulane.  Så kom arbeidsskulane, gymnasa, handelsskulane. Det er utdanning og kunnskap som har bygd landet. Og som har bygd lokalsamfunna våre.

Tenk på den fantastiske arven vi har med oss her i Eid. Med Plassen, her vi står i dag, som har vore militær øvingsstad heilt frå 1600-talet. Med den fyrste arbeids- og snekkarskulen i Skandinavia i Holmøyane heilt frå 1858. Med Eids gymnas og Kragseth Handelskule frå 1920- og 1930-talet. Heilt fram til i dag - som vertskap for folkehøgskule og ein av landets mest særeigne vidaregåande skular i vårt eige operahus. Det er ei skulehistorie i Eid som manglar sidestykke. I eit lokalsamfunn som eg opplever enno har respekt for kunnskap. Som heiar fram dei som vil ta utdanning.

Eg opplever til dømes at vi alle oppriktig gler oss når ungdom frå land med krig og konflikt som har kome hit til Eid som barn i ein flyktningfamilie eller som einslege mindreårige flyktningar - lukkast med å la utdanning bli springbrettet til eit godt liv. Til å få studiekompetanse eller ein lærlingplass. Ta eit fagbrev. Få ein jobb. Desse ungdommane gjer eigentleg akkurat det same store spranget som Kristen og Martinus i 1839 - fordi suget etter utdanning og kunnskap er det same.

Og eg har lyst å gje ei spesiell helsing til russen. Ein ting er sikkert: Ingen skal kome og seie at "ungdommen var betre før". I alle fall ikkje her på Eid. Det har vore ei fryd å følgje dokke. Både no i russetida og i skuletida elles. Å sjå kor de torer å vere dokke sjølve. Å respektere kvarandre, og "heie kvarandre fram".

Nokon av dei sterkaste stundene eg har hatt som ordførar, er å sjå dokke og andre ungdommar frå Eid og Nordfjord i aksjon på scena på Operahuset.

Kultur, sang og musikk, handlar ikkje som nokon trur først og fremst om å dyrke éinarane. Nei, det er snarare motsett: Det handlar om lagspel. Om å gle seg med andre når det går bra. Om å trøste kvarandre når det går på trynet. Om å gi av seg sjølv - saman med andre og til andre.

Ja, eg må seie det, at når eg ser på kor bra folk som veks opp på Eid i dag, så klarer eg ikkje å sjå mørkt på framtida. Eg er ukueleg optimist. Eg trur vi skal overleve Trump og Putin. Finne vegen over frå fossil- til nullutsleppssamfunnet. Få isolert og bremsa terroristane som brukar religion som skalkeskjul for å øydelegge livet for andre.  Ikkje ved å bli redde og grave oss ned i fortida. Ikkje ved å tru at alt var betre før. Då gjer vi det motsette av Eidsvollsmennene.

Men ved å gjere det folk i Noreg har gjort i 200 år for å bli det landet vi er i dag: Sjå framover og bruke krafta som bur i folk til å skape noko nytt og betre.  Eit samfunn er heile tida i endring. Heile tida slik at det vi i dag er stolte av og hegnar om - anten det er klesskikkar, bygningsskikkar, mattradisjonar eller kommunegrenser - alltid ein gong har vore nytt. Alltid fortrengt noko gammalt - og i ei brytningstid vore skummelt og vanskeleg å akseptere. Før det med tida har blitt del av den felles historia om land og folk.

Og det skjer enno i dag: Når ungdom landet rundt på same tid får inn ei melding på mobilen, forsvinn inn i si eiga verd nokre minutt for å sjå eit ferskt klipp av "Skam" - og så rett inn på sosiale media for å diskutere det som skjedde med andre - då er det litt rart for ein del av oss. Men det er eigentleg berre ein ny måte å lage fellesskap på - nye felles opplevingar som bind folk saman på tvers av landet.

Det som er statisk, har stort sett gått tapt. Det som har endra seg med tida folk lever i, har vi med oss endå. Tenk på grunderen Rasmus Sunde frå Olden, som starta forretning på Eid i 1917. I år feirer firmaet hans, R. Sunde, 100 år. Ikkje ved å drive med det same som før. Då hadde dei vore vekk for lengst.  Men ved konstant endring - med ei stolt historie i  botn. Eg trur salige Ramus Sunde hadde ledd godt om han var blant oss i dag og såg barnebarnet Reidun reklamere på Facebook med at Lagerutsalet er ope frå 0730 til 0740 på morgonen 17. mai for dei som har gløymt strømpebukse til barnetoget. Kremmarånd går ikkje ut på dato!

Men frå spøk til alvor: Skal Eid, skal Nordfjord, skal Noreg vere gode stader å bu også i framtida, så må endringane halde fram. Skal dei som er russ i dag og snart flyttar vekk for å reise til utlandet eller ta høgare utdanning på ein større stad kome attende, så gjer dei ikkje det til ein stad som har stått i ro. Der arbeidsplassane, måtane å tenkje og leve på er som før. I alle fall ikkje dersom ungdom som reiser ut skal kome attende hit for å slå seg ned og skape ei framtid. Ikkje berre kome att i feriane for å sjå på "gamle Nordfjord der dei eingong vaks opp" og syne det fram til borna som eit eksotisk sommar-paradis.

Nei, når ungdom i dag i hopetal flyttar til dei store byane våre, gjer dei medvitne val om å flytte til stader i stor endring - konstant endring. Dei aller fleste gjer det ikkje av plikt, men av lyst. Fordi det er slik dei likar å leve liva sine.

Å forstå det, og innrette oss som best vi kan etter det for å skape gode lokalsamfunn for framtida, det vedkjem oss i Nordfjord like mykje som Oslo eller Bergen. Det skal vi klare. Ikkje minst her på Eid og i Nordfjord. Tidlegare banksjef Arvid Andenæs sa i eit innlegg denne veka at "aldri har eg opplevd liknande driv og optimisme i Nordfjord. Aldri har eg sett slik kraft i gjennomføringa". Han tenkte på Lefdal Mine Datacenter, som no har opna og vi truleg enno ikkje heilt har skjønt dimensjonane av. Han tenkte på Stad Skipstunnel, den 100 år gamle draumen som no blir røyndom. Han tenkte på korleis Nordfjord no held på å bli eit reiselivsmål i verdsklasse - med Hoven Loen som opnar til helga, og Sagastad og ny cruisekai som snart reiser seg på Eid. Og på alt anna som skjer i næringslivet vårt, av smått og stort, med dyktige eldsjeler bak som vil skape jobbar, aktivitet og ei god framtid i Nordfjord for endå fleire. DET gjer meg optimistisk. Den viktigaste innsatsen vi kan gjere for å ta vare på arven frå Eidsvoll, er å lage gode lokalsamfunn. Med gode jobbar. Med sosiale fellesskap. Med den enorme dugnadsviljen som er i Eid året rundt, døgnet rundt, i små og store lag og foreiningar.

Dokke er alle kvardagsheltar. Alt frå middagskøyrarane på Frivilligsentralen. Til alle foreldre som jobbar dugnad for idrett, korps og kor. Til Barbara frå Ungarn, som i vinter såg at det låg mykje boss og rusk rundt i sentrum, og drog i gang ryddedugnad og fekk oss innfødde eidarar med. Til Eid Røde Kors - som stiller opp for folk som treng det både her lokalt og der nøden trugar ute i verda. Og alle andre.

Det er ikkje tilfeldig at siste vers av nasjonalsongen vår endar opp med å peike på oss sjølve. På at "også vi når det blir krevet" må ta ansvar for å ta vidare det fedrene og mødrene har skapt. Det ansvaret skal vi ta. Den oppgåva skal vi klare. Ved å sjå moglegheitane, ikkje berre problema med endring. Ved å overlate garden, bygda og landet i litt betre stand til neste generasjon. Det er det vi har gjort i Noreg sidan 1814. Det er den evna, den krafta, vi feirar på 17. mai. Og at vi heile tida har hatt med oss ei grunnlov som ein plattform for å utvikle samfunnet. Ei grunnlov som som også stadig har blitt endra - seinast med at ho er omsett til vårt språk - til nynorsk.

Kjære alle saman - ver stolte og glade for grunnlova vår. For historia, notida og framtida til landet vårt. For den fantastiske staden vi bur på.

Nyt dagen og sola - og la meg som ordførar få gje to viktige beskjedar heilt til slutt: Den eine er til alle: Hugs Tappenstreken i kveld klokka åtte! Ein heilt spesiell Eida-tradisjon som vi må ta vare på - og lære vidare. Møt opp og bli med - ingenting anna linkar.

Og så til alle born: No kan de gå til mamma eller pappa og seie at ordføraren har sagt de fortener ein ekstra is. Det er 17. mai berre éin gong i året..

Gratulerer med dagen - nyt han!