Nasjonaldagen vår vert feira fordi Norge fekk eiga grunnlov 17. mai 1814, då grunnlova blei einstemmig vedtatt av Riksforsamlinga i Eidsvoll dagen før. Den 17. mai blei grunnlova datert og underteikna av presidentskapet. Same dag vart prins Christian Frederik valgt til norsk konge. Det er derfor 17. mai har vorte ein offentleg høgtidsdag og ein offisiell flaggdag. Etter kvart blei nasjonaldagen meir og meir viktig for innbyggjarane i landet, og ein av dei aller største feiringane skjedde i samband med at freden kom for 72 år sidan.

Det norske flagg vaiar over heile landet på 17. mai. Flagget i raudt, kvitt og blått er vårt sterkaste symbol på nasjonalkjensla. Stortingsmann Frederik Meltzer teikna flagget som blei godkjent i 1821. Fargane symboliserer friheita, fordi frie land som USA og Frankrike hadde desse fargane i sine flagg.

I går tjuvstarta over 350 barnehagebarn feiringa med det tradisjonsrike barnehagetoget på Nordfjordeid. Det mangla verken på glade hurrarop eller flagg, og alle barna skapte god 17. mai-stemning gjennom sentrum. I morgon ventar vi endå meir hurrarop og festpynta innbyggjarar, og ber om at regndråpane ikkje skal fosse ned.

Våre lokale korps er med å sette sitt preg på 17. mai. I avisa i dag skriv vi om korpskameratane i Eid musikklag, som ofrar vanleg familieliv for å skape liv for oss andre på nasjonaldagen. All ære til alle som spelar i korps. Dei gjer sitt for at alle vi andre kan oppleve musikk i gatene også denne nasjonaldagen. Eid musikklag marsjerer 25.000 steg fordelt på fem korps denne dagen. Imponerande! Utan korps hadde 17. mai-feiringa vorte skuffande dårleg. Denne dagen er det lov å kjenne klumpen i halsen når nasjonalsongen vert spelt, og ein ser hundrevis av glade barn og vaksne med vaiande flagg.

I morgon er det igjen tid for ei folkeleg feiring, der vi feirar både fred og friheit på same dag.

Gratulerer med dagen!