(Trykk pil til høgre for å sjå bilda).

Alle barnehagane i Eid kommune var måndag med i barnehagetoget som gjekk frå Eid barnehage gjennom Eidsgata til kyrkja og tilbake til barnehagen igjen. Etterpå feira dei med is og pølser i dei respektive barnehagane sine.

– Dette er eitt av dei fine høgdepunkta i året. Det har vore tradisjon i mange år. I år har vi 350 barnehagebarn, i tillegg kjem dei tilsette, foreldre og korpsa, så eg trur toget er på nærare 700 personar, seier kommunalsjef Harald Sivertsen.

Også Ordførar Alfred Bjørlo stiller i festdrakt, og deltek.

–Dette er nesten like stort som 17. mai toget, og er blitt ein fin tradisjon. Det samlar alle barnehagebarna frå heile kommunen, og det er veldig flott. Eg vil også rette ein stor takk til korpsa som stiller opp og speler, seier Bjørlo.

Du kan sjå fleire bilde på Fjordabladet.no