250 millionar kroner er investert i første byggetrinn i Lefdal gruve, og fjellhallane skal lagre enorme mengder data. Opninga av Lefdal Mine Datacenter markerer i praksis det grøne skiftet i Nordfjord. Dei baserer seg på fornybar energi, kortreist kraftproduksjon og vatn til nedkjøling frå Nordfjorden.

Næringslivet for framtida veks fram basert på det gamle. Det bur mykje i lokale ressursar. Det er Lefdal Mine Datacenter bevis på, som nettopp har sitt utspring frå lokalt næringsliv.

På frukostmøte med næringslivet onsdag påpeikte den nye leiaren i Sogn og Fjordane næringsråd, Leon Bakkebø, at det er viktig å få fram næringsliv med potensial og utvikle det eksisterande næringsliv - og ikkje minst få til sterkare samhandling. Han viser til at det i dag er for lite samarbeid mellom næringslivet i fylket. Lefdal Mine Datacenter er bevis på at samarbeid gir suksess. Fleire bør ta lærdom av det.

Etablering av store datasenter er ikkje noko nytt. Det unike med Lefdal er billig straum, bruk av vatn frå fjorden, noko som er 3.500 gongar meir effektivt enn luft til nedkjøling. Ideen om å lage datasenter i den nedlagde gruva kom i 2008. Etter mange år med arbeid kan gründerane i dag sole seg i glansen av at visjonar gir resultat. Dei hadde tru på det umulege, og i dag gir det lokal verdiskaping. Vi gratulerer med satsinga.

Men arbeidet er ikkje ferdig. No må dei gjere jobben med å skaffe kundar, noko som er ein pågåande prosess. Dagen før opninga vart det inngått ei superkontrakt med eit sveitsisk firma - den største enkeltståande datasenterkontrakten som er inngått i Norge nokonsinne. Dette lovar godt for framtida.