– Eg ser fram til å ta fatt på denne spanande oppgåve og å jobbe for et så godt formål i en fantastisk organisasjon. Eg skal gjere mitt for at Sogn og Fjordane framleis skal være det fylket som gjer det best i tv-aksjonen. Og med dei skussmåla dei frivillige her i fylket har reknar eg med at vi har dei beste forutsetningar, seier Martin Igland Malkenes.

– TV-aksjonen er heilt unik i verdssamanheng. Då samlast heile Norges befolkning for ei viktig sak éin søndag i oktober. Kongefamilien, statsministeren, næringsliv, organisasjonar, trussamfunn og mannen i gata bidrar alle til å gje utdanning og håp til barn ramma av krig og konflikt, seier Martin Igland Malkenes.

Årets TV-aksjonsmidlar går til UNICEFs arbeid i fem land: Syria, Colombia, Mali, Sør-Sudan og Pakistan. TV-aksjonen går av stabelen 22.oktober.

– Når barn i krig og konflikt ikkje får utdanning, står eit helt lands framtid på spill. Årets TV-aksjon skal gje utdanning og håp til barn i konfliktområder. Dette er barn som drøymer om å bli lærarar, legar, ingeniørar og om å bygge opp landet sitt. UNICEF arbeider for at ingen barn skal få øydelagt framtida på grunn av vaksnes krigar og konflikter, seier Martin Igland Malkenes.