Dykkarfirmaet Frøy Vest AS har arbeidet med å støype fundament i sjøen, og driv på 5-6 meter under sjøoverflata med å få på plass festepunkt like ved kaia. Denne veka var det klart for første støyping. Det var på førehand jamna ut og grave bort ein del lausmasse og sett opp forskaling for å kunne støype ei grovplate.

Støypinga av fundamentet skjer i fleire etappar og to stålrør skal ned på fundamentet.

I tillegg er det fjerna ein stor T inne på sjølve kaia, og her skal det plasserast store ståldragarar med armering i form av eit betonganker som feste.

Kan bli ferdig 4. juni

Ifølgje framdriftsplanen skal alt arbeidet med festepunkt for seawalken vere ferdig 4. juni, og så langt er prosjektleiar Jostein Mykland optimist med tanke på å kome i mål, men han lovar ingenting. Dersom det oppstår uføresette utfordringar, kan ting ta lenger tid enn opphavleg planlagt.

Arbeidet med støyping i sjøen vil ta om lag tre veker og om ein månad vil mykje vere gjort.

– Så langt har vi ikkje møtt på store utfordringar. Analyser av botnmateriale ligg under verdiane, så vi slapp å ta botnmasse til reinsing, opplyser Mykland.

Fleire lokale firma er inne og gjer ein jobb for å klaregjer cruisetrafikk, og Jostein Mykland er raus med ros både overfor det han opplever som ein veldig serviceinnstilt kommune og dyktige lokale firma.

– Eg er imponert over dykkarane. Dei jobbar under vatn som om det skulle vere på land og Inge Jan Dalseth har gjort ein kjempejobb med å ta vekk masse. Stårheim bygg har ansvar for jern og skal ta seg av jern og betong i betongankeret, fortel prosjektleiaren.

Festet for seawalken ligg på Løkjaneset og sjølve seawalken er på service på Luster Mekaniske verkstad og skal vere klar i midten av mai.

John Olav Lefdal i Lefdal Invest har tidlegare opplyst at dersom alt går etter planen, kan første cruisesipet kome til Nordfjordeid 7. juni.

SAMARBEID: Jan Kåre Ødegård frå Nordplan AS, prosjektleiar Jostein Mykland og Helge Ryland i Stårheim Bygg samarbeider for å få seawalkfestet på plass. Foto: Anna Wuttudal
BETONGLEVERANSE: Bjarte Færestrand i Nordfjord Betong leverer betong til fundamentet. Foto: Anna Wuttudal