Oselie Henden skal delta med songen "Verda vår" i finalen i MGP junior på NRK1 klokka 19.55 laurdag 4. november. For å feire at ho vart vald ut blant heile 1.255 innsende bidrag, vart familie og venner inviterte på kakefest heime hos Oselie. Blant desse var altså fjorårets vinnarar av MGP junior, Vilde og Anna.

– Det var noko vi kom på heilt spontant etter at det vart klart at Oselie vart vald ut til finalen. Det er kjekt å ha ei lita markering med familie og venner i finevêret, seier mor til Oselie, Jannicke Hagen Henden.