Seawalk Nordfjord AS gjennomførte 18. april ei ekstraordinær generalforsamling. Av protokollen går det fram at Cruise Ventures AS har 335.000 aksjar, Lefdal Invest AS har 425.000 aksjar og Eid kommune har 240.000 aksjar. Robert Monsen held fram som styreleiar og styret vert supplert med følgjande medlemmer: Ole Heggheim frå Cruise Ventures, John Olav Lefdal frå Lefdal Invest AS og Ole Starheim frå Eid kommune. Vedtektene vart endra frå at «Selskapets forretningskontor er i Bergen» kommune, til at «Selskapets forretningskontor er i Eid kommune.»

Støyper festepunkt i sjøen

240.000 kroner i aksjekapital

Aksjonæravtalen om Seawalk Nordfjord AS vart signert av ordførar Alfred Bjørlo for Eid kommune, av Kjell A. Storeide og Trond Scott Kroken i Lefdal Invest AS og Ole Heggheim i Cruise Ventures AS i mars i år.

Av avtalen går det fram at Eid kommune har gått inn med 240.000 kroner i aksjekapital. Lefdal Invest med 425.000 kroner i aksjekapital og Cruise Ventures AS med 335.000 kroner i aksjekapital. Kvar aksje er pålydande 1 krone, og det inneber at selskapet til saman har ein aksjekapital på ein million kroner.

Opsjonsavtale

Økonomisjef i Eid kommune Ole Starheim stadfestar at Eid kommune har betalt inn tre millionar kroner til Seawalk Nordfjord AS, av dette 240.000 kroner i aksjekapital og resten som eigekapital. Han viser vidare til ein opsjonsavtale som er vedlegg til aksjonæravtalen der det går fram at dei to andre aksjonærane Lefdal Invest AS og Cruise Ventures AS har rett til å kjøpe aksjar frå Eid kommune i avgrensa tidsrom til minimim 12,50 per aksje, noko som i så fall vil innebere at kommunen får tilbake heile den summen dei har gått inn med. Opsjonsavtalen gir også Eid kommune i eit avgrensa tidsrom mogelegheit til å krevje at dei andre aksjonærane kjøper aksjane for ein pris per aksje lik bokført eigenkapital per aksje på eit gitt tidspunkt.

Overkurs

Styreleiar i Lefdal Invest AS, Kjell Arvid Storeide forklarer at av dei tre millionane Eid kommune har betalt inn til Seawalk Nordfjord, er 240.000 aksjekapital og resten overkurs. Dette er ein teknisk måte å gjere det på, for å få ein høgare bokført eigenkapital. Han forklarer at dette ikkje er ein uvanleg måte å gjere det på for prosjekt som er antatt å gå med underskot dei første åra.

Ein reknar med at det i alle fall vil ta tre år å bygge opp marknaden og få plusstal i drifta for Seawalk Nordfjord AS, og ein har i tidsrommet med underskot mogelegheit til å spise av overkursen.

Dersom ein har all kapitalen i aksjar og går med underskot, kan ein risikere at aksjelova sine bestemmeleser slår inn og skaper vanskar.

Når det gjeld aktiviteten med tilrettelegging for seawalken ved Godsterminalen, er det ein del av investeringane, som ikkje går direkte på drifta, men blir aktivert og kan skrivast ned seinare.

I STYRET: Økonomisjefen i Eid, Ole Starheim er Eid kommune sin representant i styret i Seawalk Nordfjord AS. Foto: Anna Wuttudal