– Dette er noko vi jobbar aktivt med no, forklarer Krogh.

Då dei aller sjukaste pasientane vart flytta frå Eldretunet til Hogatunet hadde ein ikkje berekna bemanninga godt nok.

På grunn av mange sjukmeldingar, og fleire ute i permisjon har ein måtta leige inn vikarar frå bemanningsbyrå som strakstiltak. Men behovet for faste tilsette er der.

– Vi må dekke inn behovet for å sikre ei forsvarleg helseteneste for pasientane. Vi har god erfaring med å leige inn vikarar. Likevel har vi behov for fleire sidan nokre går ut i svangerskap, som vi må erstatte. Den største utfordringa er å skaffe fagfolk, og dette jobbar vi med på mange ulike måtar, seier Krogh.

Krogh seier bemanningsproblema ikkje går ut over pasientane. Det er alltid det personellet på vakt som skal vere der ifølge bemanningsplanen. Ein var også klar over på førehand at bemanningssituasjonen kunne forandre seg etter kvart som ting gjekk seg til.

– Dei tilsette har også fått ein heilt annan måte å jobbe på. Tidlegare jobba alle saman. No er det to personell ute på kvar avdeling og deo ser ikkje kvarandre på same måte lenger. Dei har telefonkontakt, men kan ikkje gå like lett mellom avdelingane som tidlegare. Ein må planlegge meir viss ein skal hjelpe kvarandre på tvers av avdelingane, forklarer ho.

– Vi vil tilsette ein husøkonom som skal ta seg av alle tenester som bestillingar, klesvask, og andre praktiske ting på ein stor institusjon. Vi vil også sjå på om vi kan ha nokon som kan gå imellom avdelingane, og turnere rundt. No skal vi sette oss ned i lag og finne ut av korleis vi gjer dette, seier Krogh.

Kari Krogh snakka med Inger Stensaker på Hogatunet bu- og behandlingssenter. Foto: Anita Ingebrigtsen