I påska var Liv Beate Gjerde frå Eid innlagt på Hogatunet. Der fekk ho god hjelp, og treivst godt, men mangelen på bemanning var noko ho sjølv fekk kjenne på kroppen.

– Sengene er heilt nye, og eg låg og las på senga og skulle løfte opp sengehesten på sida, men så var den ikkje festa. Det kunne ikkje dei tilsette noko for, for dei visste sikkert ikkje korleis dei skulle gjere det heller. Eg hadde klart å legge fingeren innunder, og der kom sengehesten i full galopp ned, og klemte meg. Eg måtte ringe etter hjelp, fordi fingeren var fast, og då tok det 20 minutt før dei kom. Dei fekk jo nesten sjokk då dei såg at fingeren var fast, men dei hadde ikkje mulegheit til å komme frå før. Dei kan jo ikkje berre sleppe ein pasient dei held på med å flytte på. Og det har eg full forståing for, sjølvsagt, seier Liv Beate Gjerde.

Ho er i dag under rehabilitering på Mork etter lengre tids sjukdom, og merkar stor framgang. Ho vil gje all honnør til dei tilsette som gjorde så godt dei kunne, den tida ho var der.