Fylkestinget forlenga 26. april åremålsstillinga til fylkesrådmannen med to år – fram til og med 31. mars 2020.

Åremålet til Eriksen gjekk eigentleg ut 9. april 2018, men det er eit samla fylkesting som no har fornya det. Etter avslutta åremål vil Eriksen få rett til fast stilling i fylkeskommunen. Løns- og arbeidsvilkår for ei eventuell rådgjevarstilling skal avtalast seinare.

Eriksen ser fram til nye år i fylkeskommunen og er glad for tilliten frå fylkestinget.

– Eg tolkar det positivt at vedtaket var samrøystes; det betyr mykje å ha gjennomgåande tillit, uttalar Eriksen i ei pressemelding.