Kystverket førebur seg på ein hektisk cruisesesong og kystverket si losteneste er vel førebudd på jobben som ventar. Dei losar alle cruiseskip i norsk lospliktig farvatn. Mange cruiseanløp vart planlagt allereie for 18 månader sidan, men det kjem stadig inn nye bestillingar.

I særleg trafikkerte område må cruisesesongen planleggast spesielt nøye. Ein del stader er det fleire skip samtidig, og dette krev nøye planlegging. Kystverket gjer ei rekke nautiske vurderingar som resulterer i ein detaljert ankringsplan for kvart anløp for å kunne avvikle trafikken på ein trygg og effektiv måte.

Kystverket skriv på si nettside at cruisereiser langs Norskekysten er ein populær reisemåte. Etter ein nedgang i cruisetrafikken for eit par år sidan, er det igjen auke i talet på cruiseanløp. Og operatørane prøver ut stadig nye anløpsstadar. Det er framleis Vestlandet som har flest cruisebesøk, med Stavanger, Bergen og Geiranger som dei mest populære destinasjonane. Men mest auke ser ein i cruisetrafikken i nord.

Kystverket melde 25.04.17 om følgjande innmelde losbestillingar:

Cruiseanløp i Troms, Finnmark og Svalbard:

Tromsø: 102 anløp derav 11 vintercruise

Alta: 19 anløp derav 12 vintercruise.

Honningsvåg 96 anløp derav 3 vintercruise.

Longyearbyen 32 anløp, i tillegg ca. 230 ekspedisjonscruise.

Cruiseanløp i Nordland:

Leknes : 45 anløp

Nusfjord: 4 anløp

Svolvær: 29 anløp

I tillegg kommer anløp av Trollfjorden, Svartisen samt seilas i hovedleden (forbi fylket).

Cruiseanløp i Møre & Trøndelag

Geiranger/ Hellesylt: 184 anløp og aukande

Ålesund: 131 anløp og aukande

Molde/Åndalsnes/Eresfjorden 84 anløp og aukande

Kristiansund/Smøla 25 anløp og stabilt

Trondheim 58 anløp og stabilt

Cruiseanløp for Vestlandet:

Bergen: 320 anløp og aukande

Flåm: 139 anløp og aukande

Olden: 94 anløp og aukande

Eidfjord: 78 anløp og aukande

Nordfjordeid: 20 anløp og aukande

Skjolden: 15 anløp og aukande

Ulvik: 6 anløp og aukande

Cruiseanløp i Rogaland:

Stavanger: 184 anløp og aukande

Haugesund: 37 anløp og aukande

Cruiseanløp i Skagerak:

Kragerø: 2 anløp og aukande

Arendal: 5 anløp og aukande

Lillesand 1 anløp og aukande

Kristiansand 50 anløp og stabilt

Lyngdal 9 anløp og synkande

Farsund 1 anløp og stabilt

I tillegg innmeldt to fjordcruise utan anløp for strekninga Sokndal – Hidrasund – Stolsfjorden – Fedafjorden – Listafjord.

Cruiseanløp i Oslofjorden:

Oslo havn: 101 og aukande