Apoteket merkar stor vekst, og har mange fleire kundar innom. Omsettinga er på 33 millionar kroner for 2016, og her er auken medrekna.

– Vi opplever at dette har gått veldig bra. Vi trivast veldig godt i desse lokala og er veldig nøgd med å vere i denne butikkdelen. Vi føler vi får vist fram varene på ein mykje betre måte. Vi har langt fleire nye kundar utanfrå, spesielt frå Sandane, og frå denne sida av fjorden men også frå Møre. Folk frå Bremanger, Stad og Selje kjem framleis til oss for å ta ut reseptane som før, seier dagleg leiar Susanna Niskanen.

Apoteket har ni fast tilsette, og har nettopp tilsett ein ny farmasøyt som startar i slutten av månaden. Elles har dei tre studentar under opplæring for tida, ein farmasøyt og to apotekteknikarar.

Kva som skjer med dei tomme lokala der Vitus Apotek låg tidlegare er ikkje klart.