–Amfi Ørsta er storebror og det å komme opp i samme omsetning som dei er veldig kjekt. Vi har på Eid fått eit bredt spekter i butikkar og kan no samanlikne oss med Ørsta i utval, fortel senterleiar Gro Gjerdevik.

Ho peikar på at Amfi Nordfjord har etablert seg som ein treffstad og mange reiser hit for å snakke med kjentfolk. Snittet på besøkande per veke ligg på ein stad mellom 20- og 23.000 betalande kundar.

– Mange kjem hit for å handle, dei skal handle kle til ungane ha noko sjølv, eller fordi dei veit at dei treffer folk. Mange er mobile og synest det er kjekt å reise for å møtast og det har blitt ein treffplass i Nordfjord.

Fleire ser mot Eid

Det har gått betre enn dei hadde sett føre seg, og kjedene som har etablert seg er positivt overraska, og fleire nye kjeder ser mot Eid.

– Det blir snakka om Nordfjordeid i fleire settingar i fleire kjeder. Dei synest det er interessant kva som skjer her på Nordfjordeid. Det gjer det også lettare å få inn nye aktørar. Fleire kjeder har allereie vore her og vurderer å flytte verksemda hit, fortel ho.

Gjerdevik vil førebels ikkje seie kven som skal komme inn på senteret, men ho kan fortelje at tre av dei fire lokala som står ledige vil bli fylt ut frå hausten i år.

Utviding innan eit år

– Der er planar for å bygge ut to big-boksar til storhandel. Det jobbast frå Amfi si side for å få på plass leigetakarar til det, og idet ein har signert kontrakt så er vi klar for å setje i gang å bygge dei to, eventuelt ein i gongen, håpet er innan eitt år.

På lag med Eidsgata

Gjerdevik seier Amfi og Eidsgata utfyller kvarandre godt, og at dei samarbeidet godt. I år kjem dei ut med eit felles sommarmagasin saman med resten av handelsstanden på Eid. Elles er det samarbeid om både sommarshopping og Eidamessa. At ein kan gå tørrskodd innandørs på eit kjøpesenter er fint når ein bur på Vestlandet der det regnar ofte. Men når sola kjem fram er det like fint å rusle i Eidsgata og besøke alle dei små butikkane.

– Vi har ei innandørsgate og ei utandørsgate. I januar og februar er det kanskje litt trist i Eidsgata, men så kjem sommaren og då er det ikkje nødvendigvis slik at kundane går timevis inne på kjøpesenteret, men då går dei kanskje timesvis oppe i gata. Vi er veldig begeistra for Eidsgata og ønskjer å ha det som tilskot til senteret. Vi er veldig glade for å kunne samarbeide med dei. Her er ein del ting vi ikkje har i senteret, som ein finn i gata, som til dømes gullsmed, blomsterforretning og slike ting og då sender vi kundane opp til Eidsgata.

Får full pakke på Eid

– Mange synest at når dei kjem hit, så får dei ei full pakke. Her kan dei handle, ungane kan leike i Sagaparken, klatre i klatreparken, sykle på gangvegane eller fiske i fjorden. Ein kan få gjort veldig mykje når ein reiser på handel til Eid, det er jo det som er veldig bra. Ein kan enkelt og greitt finne seg ein parkeringsplass, handle og komme deg fort ut igjen.

Cruiseturistane

Sjølv om cruiseturistane har flytande kjøpesenter om bord i skipa, og har alt dei treng der av mat og drikke, så brukar dei pengar når dei går i land.

– Det er viktig at det er mulegheit for å veksle, at dei kan ta ut kontantar og det er viktig at det er ope. Det å få kjøpt seg ein is, setje seg ned med ein god kopp kaffi, rusle langs sjøkanten og nyte livet. Så er det å vere smart å ha det unike produktet som ein ikkje får kjøpt i havna i Oslo eller i Geiranger, noko å minnast Nordfjordeid på.

Kjøpesenteret på Eid kan vise til gode tal sidan det opna for seks månader sidan. Senterleiar Gro Gjerdevik handlar lokalt. Foto: Anita Ingebrigtsen