I geitefjøsen har han 16 boargeiter med kje. 10 av dei har alt kjea, og for resten er kjeinga like rundt hjørnet.

Fanøy Nord fortel at ei geit får frå eitt til tre kje, men det mest vanlege er tvillingar. Hokjea kan får eit langt liv, medan bukkekjea går til menneskeføde etter ni månader.

I tillegg til dei sjeldne boargeitene har den unge bonden 30 lammesauer av rasen spelsau. Såleis blir det 70–80 nye liv å ta seg av i fjøsen på Nor i desse kjølige vårdagane.

Han opplyser elles at det er tungvint med den gamle fjøsen på garden, og han har planar om ein nye og moderne driftsbygning eller kvart. Då kan det dessutan bli aktuelt med storfe, og draumen er å bli heiltidsbonde.