«Besten min var småbrukar og linjemontør. Kvar 1.mai heiste han flagget og tok på seg kvit skjorte og bestekofta. Mens alle naboane, som var bønder, brukte dagen til å spreie møk. Besten min hadde det ikkje så trangt. Men han heiste flagget for å vise solidaritet med alle dei arbeidarane som hadde det mykje tøffare. Besten ivra for at døtra, mi mor, skulle ta artium og få mulighet til høgare utdanning, ein mulighet han sjølv ikkje hadde hatt.

Her ser du video frå innlegget til Siri Sandvik!

Fellesskapet framfor enkeltindivid. At alle, uavhengig av kva bakgrunn ein har eller kor ein kjem frå, skal ha frihet til å leve det livet dei ønsker og ha like muligheter til å ha det godt. Og ikkje minst at vi har solidaritet med dei som treng det mest.

Dette er det som er kjernen i sosialdemokratiet for meg, og grunnen til at eg er sosialdemokrat.

I år er det valg. Det er det viktigaste stortingsvalet på lang, lang tid. Vi har snart hatt fire år med H/Frp- regjering, med ideologisk tyngdepunkt til høgre for høgre. På mange område er landet vårt på full fart i feil retning, med større økonomiske forskjellar, og kanskje også større forskjellar mellom bystrøk og distrikta.

I valgår er det ekstra viktig med ein sterk og stor organisasjon i botnen. Dette har eg sjølv erfart. Etter ein viss lokalsjukehusstrid i 2011, var vi i Eid Ap nede i berre 24 medlemer, det var nesten umogleg å drive valkamp den hausten. No nærmar vi oss 100, det er det høgste nivået nokonsinne. Det er klart det blir lettare, med mange som vil bidra i valkampen.

Når organisasjonen er så viktig i valkamp, vil eg trekke fram AUF i mitt eige fylke Sogn og Fjordane. Dei har hatt ein formidabel medlemsvekst, frå 190 medlemer i 2014 til heile 458 medlemer to år seinare. Dei har jobba med å aktivisere medlemer, skolering om politikken, og dei har laga ein sosial base. Dei har reist fylket på kryss og tvers for å møte ungdom og høyre kva dei er opptekne av.

Ungdom ønsker ikkje skattekutt til dei rikaste på bekostning av god velferd for alle. Og dei vil ikkje vere med på retorikken til høgresida om til dømes innvandring.

Ungdomen er framtida vår. Difor er det viktig at vi høyrer på ungdomen. Og ungdomen vil ikkje ha denne utviklinga for landet vårt lenger. Og det er difor alle vi her i salen, i lag med tusenvis av andre frivillege, skal la oss inspirere av innsatsen til AUF, og skal jobbe vettet av oss dei komande månadene - slik at Arbeiderpartiet vinn valet 11. september.

Og slik at vår neste statsminister heiter Jonas Gahr Støre!

Det Besten lærte meg då eg var lita, var at ein alltid må kjempe for det ein trur på.

Og kjære Landsmøte. Det vil eg heidre. Vi må ta kampen!

*for ungdomen

*for trygge arbeidsplassar

*for fellesskapet

*og for at vår neste statsminister vert Jonas Gahr Støre!»