Fylkesmann Anne Karin Hamre tilrår samanslåing av Flora, Bremanger og Vågsøy.
(Foto: Fjordabladet)

Fylkesmann Anne Karin Hamre tilrår samanslåing av Flora, Bremanger og Vågsøy. Foto: Fjordabladet

Fylkesmannen tilrår samanslåing av Flora, Bremanger og Vågsøy

Med grunnlag i ei fagleg vurdering etter måla for kommunereforma, kriteria for ein god kommunestruktur og lokale prosessar tilrår vi samanslåing av kommunane Flora, Bremanger og Vågsøy frå 2020.

Kommunane Flora og Vågsøy har gjort gjensidige vedtak om samanslåing, medan Bremanger har vedtak om å halde fram åleine.

– Vi meiner at ein ny kommune der Flora og Vågsøy slår seg saman, berre delvis oppfyller måla for kommunereforma og kriteria for ein god kommunestruktur. Hovudutfordringa for ein ny og større kommune med store avstandar og ein kommune som ligg mellom, er ein effektiv tenesteproduksjon og å skape eit større funksjonelt område for samfunns- og næringsutvikling.  Samla er arbeidsmarknadane mellom Flora og Vågsøy i dag svakt integrerte, skriv fylkesmann Anne Karin Hamre i si tilråding.


– I vår faglege vurdering for samanslåing av kommunane Flora og Vågsøy er det nærliggjande å også sjå på den mellomliggjande kommunen Bremanger. Våre vurderingar av sterke og svake sider og utfordringar og moglegheiter i framtida, viser at det er Bremanger som får dei største utfordringane, både på tilstrekkeleg kapasitet og relevant kompetanse for viktige roller og oppgåver til ein kommune. Vågsøy får utfordringar med å gje innbyggjarane gode tenester, og skape ei positiv samfunnsutvikling i eit lengre perspektiv. For alle tre kommunane er det forventa ein sterk auke i talet på eldre, som vil gi utfordringar for tenesteytinga innan helse, pleie- og omsorg.


– Ein ny kystkommune blir sterkare på kapasitet og kompetanse, både innanfor tenesteyting, samfunnsutvikling og økonomi. Moglegheitene ligg i framtida, med betre samferdsle og kommunikasjonar både til lands og på sjøen. Ein ny og større kommune må lukkast med dette, for at det i framtida skal verte ein god og funksjonell «kvardagskommune» både for folket og næringslivet, heiter det i tilrådinga frå fylkesmannen.


Ein ny kommune med Flora, Bremanger og Vågsøy vil gi ein større og samanhengande kommune på kysten av Sogn og Fjordane med nærare 22 000 innbyggjarar, og blir såleis mellom dei største kommunane i nye region Vestlandet med moglegheiter for å leggje til rette for heilskapleg utvikling av dei store og kystnære ressursane våre.


– Vår faglege tilråding er difor at skal det i framtida byggjast og utviklast ein føremålstenleg og slagkraftig ny og større kommune på kysten av Sogn og Fjordane, må òg Bremanger vere med i den nye kommunen saman med Flora og Vågsøy. Det må vere opp til Stortinget å vurdere kva vekt det skal ha at dette alternativet har kome fram så seint i kommunereforma. Vi meiner at det vil vere ein fordel for Bremanger å kome med i prosessen no, i staden for ei samanslåing i fleire steg framover, heiter det i tilrådinga frå fylkesmann Hamre.

Fjordabladet ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Siste nyhende

Barnehagen i Kjølsdalen

Veks ut av rammene

Historia om bakeria i Eid

Smørdal og Rasmussen

Historia om bakeria i Eid

M. Andersen bakeri