I den siste seriekampen borte mot Stryn vart det siger 13-19, og dermed har jentene vunne 10 av 12 seriekampar i sesongen 2016/17. Dei har spelt éin kamp uavgjort, og berre i bortekampen mot Syril/Sogndal vart det tap.

I fylkesserien i klasse jenter 16 år har det deltatt fire lag. Dette er Eid, Stryn, Syril/Sogndal og Gloppen. Etter at alle laga har møtt kvarandre fire gonger i løpet av sesongen, tronar Eid-jentene på toppen av tabellen.

Klare serievinnarar

Med 21 poeng etter dei 12 seriekampane er Eid klare fylkesmeistrar. På andreplass følgjer Stryn med 13 poeng. Deretter kjem Syril/Sogndal med åtte poeng og Gloppen med seks poeng.

Det er også to andre jentelag i 16-årsklassen frå Sogn og Fjordane som deltar i seriespel. Dette er Førde og Florø, som spelar i regionsserie med lag frå Hordaland.

Stor breidde

Handball er ein av dei tre store breiddeidrettane i Eid kommune ved sidan av fotball og turn, noko som krev eit stort apparat av frivillige. Ein av dei er Ståle Sandal, som dei siste to åra har vore trenar for dei ferske fylkesmeistrane til Eid.

– Dette er ein flott gjeng som utmerkar seg spesielt med godt samhald og treningsframmøte. Derfor er det både kjekt og velfortent at dei no er fylkesmeistrar, seier Sandal, som understrekar at Førde og Florø spelar på eit høgare nivå i regionsserien dei deltar i.

Ingen fråfall

Sandal er spesielt nøgd med at ingen spelarar har slutta.

– Vi har vore 12-13 spelarar heile vegen. Dei einaste fråfalla har vore spelarar som har flytta. Dette er spesielt gledeleg, fordi fråfall er eit stort problem, kanskje spesielt blant jenter, seier han.

I tillegg til spelarar frå Eid kommune har jentelaget ein spelar som har flytta hit frå Sogndal, og ei jente som pendlar frå Måløy.

– Det er både imponerande og prisverdig å pendle frå Måløy til trening og kamp. Ei slik innstilling smittar over på resten av gruppa, seier Ståle Sandal.

Med berre fire lag i serien har ikkje kamptilbodet vore ideelt.

– Det er klart at ein må motivere seg for å spele mot same motstandarar gong etter gong, men dette har jentene takla på ein prisverdig måte, seier han.