Dette stadfestar festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

– Vi har seld ein tredjedel av todagarspassa og nesten halvparten av tredagarspassa. Dette er milevis over det vi har lagt på før. Tidlegare har godt over 90 prosent av billettsalet skjedd etter påske, seier Naustdal.

Startar i amfiet torsdagen

I år blir første gong med tre strake dagar rockfestival på Nordfjordeid. Det heile startar med konsert i utandørsamfiet torsdag kveld. Her er det sett eit tak på 3.500 billettar.

– Torsdagen blir ikkje for alle. Her kjem det til å bli utseld lenge før sommaren, seier Naustdal.

Tidlegare har ein hatt innandørskonsert i Gymmen torsdagen. No startar altså festivalen ein dag tidlegare, og med Turbonegro som headliner er det ikkje så rart at halvparten av billettane til torsdagen allereie er selde.

Full kontroll

– Det blir tre dagar med flotte opplevingar. Ei anna endring er at også dei under 18 år får høve til å gå på konsert torsdagen. På konsertane i Gymmen var det 18-års aldersgrense, fortel Naustdal.

Festivalsjefen har fått mange spørsmål om utvidinga frå to til tre festivaldagar. Han understrekar at ein har full kontroll på logistikken.

– Det var faktisk ganske mykje jobb med konserten i Gymmen. No brukar vi ressursane på å starte ein dag tidlegare på festivalområdet. Vi har full kontroll på at vi har det vi treng av frivillige for å gjennomføre festivalen på ein god måte, seier Naustdal, som oppmodar folk om å gå inn på heimesida Malakoff.no for utfyllande informasjon.

Har vore vurdert lenge

At ein no går frå to til tre festivaldagar er ikkje eit påfunn som plutseleg har dukka opp.

– Dette har vi vurdert i fleire år. I fjor fekk vi mange innspel, både frå artistar, frivillige og publikum om at vi burde utvide festivalen. Etter ein gjennomgang fann vi ut at dette vil vere fullt muleg å gjennomføre, seier Naustdal.

Festivalsjefen trur at utvidinga kan gjere det kjekkare for mange å bidra som frivillige.

– Mange vil sikkert halde fram med å stille opp to dagar som frivillig. No vil dei få ein heil dag der dei berre kan vere publikum. Det trur eg mange vil setje stor pris på, seier Arnt-Ivar Naustdal, som understrekar at utvidinga er godt forankra i organisasjonen.

– Gruppeleiarane har faktisk vore blant dei ivrigaste for å utvide til tredagarsfestival, seier Arnt-Ivar Naustdal

To innslepp til festivalcampen

I sommar blir det kortare køer enn tidlegare for å sleppe inn til festivalcampen. Malakoff Rockfestival vil nemleg ha innslepp til campen både torsdag ettermiddag og fredag morgon. Tidlegare har heile innsleppet vore gjort fredag morgon.

– Vi opnar halve festivalcampen torsdag ettermiddag. Dermed blir det mindre hektisk, både for festivalpublikummet og dei frivillige, seier Arnt-Ivar Naustdal, som legg til at andre arrangørar som har gjort det same grepet har opplevd det same.

– Eg har god tru på at heile festivalopplevinga vil bli betre ved å utvide frå to til tre dagar. Tidlegare har mange kome torsdag kveld og byrja å setje opp vogner og telt på område der vi ikkje ønskjer at dei skal gjere det. Når vi no opnar festivalcampen torsdagen, trur eg ikkje at dette vil forskyve seg til onsdagen. Eg trur at folk vil oppleve at dei har betre tid, og ikkje behøver å stresse for å kome seg til rette og få med seg konsertane, seier Naustdal, som sjølvsagt har eitt stort ønskje for den første festivalen som skal gå over tre dagar:

– Sol og fint vêr er noko vi alltid håpar på, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.