20 drillarar frå Nordfjordeid skulekorps var med i Nordvesten i Florø i helga. Der dei kunne hente heim gull både i drilldans tropp og solo. (Foto: Privat )

20 drillarar frå Nordfjordeid skulekorps var med i Nordvesten i Florø i helga. Der dei kunne hente heim gull både i drilldans tropp og solo. Foto: Privat

Ung drilltropp gjekk til topps

Den yngste drilltroppen til Nordfjordeid skulekorps fekk 1. plass under Nordvesten drillmeisterskap i Florø i går. Også Sara Torheim Frisild fekk gull solo i si klasse.

Nordvesten for musikkorps blei i går arrangert i Florø. Frå Eid kommune var 20 unge drillarar frå Nordfjordeid skulekorps med. I konkurransen for korps var Kjølsdalen skulemusikk med.

 

Best i klassa

I klassa drilldans tropp juvenile gjekk tropp B frå Nordfjordeid skulekorps  til topps i konkurranse med fem andre drilltroppar. Dei som er med i denne vinnartroppen frå Eid er Kaysa Flaten Brekke, Ragnhild Karlsen, Matea Haavik, Lene Yri, Aurora Solheim og Maren Bjørkedal Jensen.

 

Resultat Nordvesten drill, lokale deltakarar frå Eid:

Drilldans tropp juvenile:

1. Nordfjordeid tropp B (Kaysa Flaten Brekke, Ragnhild Karlsen, Matea Haavik, Lene Yri, Aurora Solheim og Maren Bjørkedal)

2. Svelgen

3. Førde

4. Nordfjordeid tropp A (Tale Oppedal, Anna Munch Oen, Silje Hjelle og Cecilie Aarvik)

5. Sandane

 

Drilldans tropp junior 3. divisjon:

1. Svelgen

2. Førde

3. Nordfjordeid (Sara Torheim Frislid, Linnea Lillestøl, Camilla Aarvik, Lilly Andrea Torheim, Cecilie Navelsaker, Ina Kristin Sørland Breidablikk)

 

Drilldans solo, junior beginner:

1. Sara Torheim Frislid, Nordfjordeid

2. Anna Nesse, Førde

3. Cecilie Navelsaker, Nordfjordeid

 

Drilldans Duett, preteen beginner:

1. Lilly Andrea Torheim og Linnea Lillestøl

 

Drilldans Duett, junior beginner:

1. Florø

2. Førde

3. Svelgen

4. Svelgen

5. Nordfjordeid (Sara Torheim Frislid og Cecilie Navelsaker)

6. Nordfjordeid (Ina Kristin Sørland Breidablikk og Camilla Aarvik)

7. Florø

 

Nordvesten konkurranse korps:

Brass 2. divisjon:

1. Solund skulemusikk

2. Brekke skulemusikkorps

3. Kalvåg skulemusikk

4. Kjølsdalen skulemusikk