Rennet blir arrangert i samband med verdscupavslutninga i skiskyting i Holmenkollen. Her er dei 30 beste 15 og 16-åringane i landet tatt ut. Blant desse er altså Lasse Flo Bødal og Ingrid Heggen. Begge er i den yngste aldersgruppa. 15 og 16-åringane blir rangert i lag, så dei vil møte dei beste løparane i Norge som er eitt år eldre enn dei sjølve.

– Det blir nok vanskeleg å vinne, seier Lasse og Ingrid.

Stolte tradisjonar

Young-Star konkurransen går som fellesstart over tre gonger to kilometer, med to skytingar. Dei 30 uttekne jentene går for seg, og dei 30 uttekne gutane for seg.

Tidlegare har utøvarar frå Stårheim IL markert seg sterkt i Young Star. Isak Flo Bødal gjekk heilt til topps i 2011, medan Andrea Skeide Bakke tok sølvmedalje året etter.

Laurdag får altså Lasse sjansen til å kopiere storebror Isak.

– Det blir nok vanskeleg å vinne, spesielt fordi det er eitt år eldre løparar med i konkurransen, seier Lasse.

TV-sendt konkurranse

Young Star-løpet går komande laurdag i Holmenkollen. Søndag klokka 11.55 går rennet i opptak på NRK 1.

– Vi må vel sjå oss sjølve på TV, ler Lasse og Ingrid, som begge reiser nedover fredag.

Lasse skal overnatte med familie på Lillehammer, medan Ingrid har slekt i Oslo der ho skal overnatte frå fredag til laurdag.

Utfordrande treningsforhold

Den snøfattige vinteren har gjort det utfordrande å få trene lokalt. Sjølv om dei har fått gått ein del på ski på dei to lokale skianlegga i Eid kommune, har det ikkje vore arrangert ein einaste konkurranse lokalt denne sesongen. Dermed har det blitt ein del turar til Ullsheim, og til andre destinasjonar.

Denne sesongen har Kristin ein 6. plass frå Hovudlandsrennet som sitt beste individuelle resultat. Lasse har ein andreplass frå Kvalfossprinten, der han førre sesong tok to gull. I tillegg gjekk begge på Sogn og Fjordane sine bronselag på stafetten i Hovudlandsrennet. Dermed er det ikkje tvil om at begge har kapasitet til å gjere det svært så bra, dersom alt klaffar i Holmenkollen laurdag.

Kvalifiseringsrenn

Uttaket til Young Star er basert på resultat i fleire uttaksrenn. Her har region Vest ein kvote på tre gutar og tre jenter. Region Aust har dei største kvotane, med 17 jenter og 13 gutar. Vidare har region Sør to jenter og tre gutar, region Midt fem jenter og seks gutar, og region Nord tre jenter og fem gutar.

Dei andre som er tatt ut frå Region Vest er Oskar Guddal Breivik, Markane IL, Martin Aaland, Hardbagg IL, Hanna Børve, Kvam LSK og Ragna Kolve, Voss SSL. Oselie Henden, Eid IL, er andre reserve.

Isak Flo Bødal gjekk heilt til topps i Young Star i 2011. Året etter tok Andrea Skeide Bakke sølv. Foto: Privat