Med denne handsrekninga til ei spanande næring vil utviklinga skyte fart, seier Eli Førde Aarskog, leiar i Eid Høgre og varaordførar i Eid. 
            (Foto: Tormod Flatebø)

Med denne handsrekninga til ei spanande næring vil utviklinga skyte fart, seier Eli Førde Aarskog, leiar i Eid Høgre og varaordførar i Eid. Foto: Tormod Flatebø

–Svært gledeleg

– Eg har så langt ikkje fått høve til å lese heile meldinga, men har fått med meg at regjeringa varslar at dei vil gjere noko med formueskatten for norske eigarar av hotell. Dette er svært gledeleg.

Det seier Eli Førde Aarskog, leiar i Eid Høgre og varaordførar i Eid, og viser til at  hotellbransjen står for stor sysselsetting i ei næring i vekst.


 

– Hotellbransjen sin høge omsetning og sysselsetting fører til store bidrag til fellesskapen i form av arbeidsgjevaravgift, personskatt meirverdiavgift og bedriftsskatt. Dette er greit nok. Sjølv om næringa veit, at lemper i arbeidsgjevaravgifta kunne ha gjort underverk med omsyn til fleire tilsette, seier Eli Førde Aarskog, og legg til at det blir aldri nok hender i dette serviceyrket.


– Det dette gjeld er formueskatten. Høgre er det partiet som har vore klarast på at formueskatten på arbeidande kapital er ei kjempeutfordring for norsk eigarskap. I hotellbransjen er dette svært aktuelt og konkurransedrivande. Mange hotellkjedar er eigd av utanlandske fond som slepp å betale denne særnorske skatten. Det er svært uheldig, seier Eli Førde Aarskog.

– Hotellanlegga har høg verdifastsetjing sjølv om det ikkje er ei einaste krone på botnlinja. Formueskatten er med å hindre at verksemdene har pengar igjen til utvikling av anlegg og personale.


– Nordmenn er mykje ute og reiser og opplever fantastiske anlegg med høgare kvalitet enn det vi har her i landet. Servicenivået er ofte høgare også. Kvifor? Med denne handsrekninga til ei spanande næring vil utviklinga skyte fart.  Og om det blir god business og eigarar vil ta ut utbyte, så kan alle skatteelskarar ta det med ro. Utbyteskatten blir auka like jamt som bedriftsskatten blir sett ned. Regjeringa ser til at kapitalen som blir i bedrifta  blir lettare beskatta medan utbyte blir beskatta rikeleg. Dette treffer der det skal treffe, seier Eli Førde Aarskog og legg til at dette er ein god dag for norskeigde og familieeigde hotell i distrikts-Norge.