Kari Bremnes er ein av våre aller fremste låtskrivarar og songarar, og ho er ein formidabel liveartist. Hennar evne til nå ut til folk over heile landet er ekstaordinær, og Kari knyter sterke band til sitt stadig større publikum.

Nytt album

Til hausten er ho klar med nytt album og sin mest omfattende turné nokonsinne.

– Konsertane er det mest spennande eg gjer. Og vi snakkar høgspenning. Det er der vi møtest med alt vi har, sal og scene. Eg har alltid hatt stor respekt for publikum, men dei første åra var eg reddare. Etter kvart har vi utvikla noko som liknar eit venskap, publikum og eg. Det er ei absolutt forvandling, seier Kari Bremnes.

Eigen sjanger

Kari har skrive songar halve livet, vore artist endå lenger og gjennom åra har ho utvikla nærast ein eigen sjanger. Kjerna i den er nærleiken til folk og historiene rundt liva vi lever. Om å miste, om å finne. Om dei store tinga, og om trivialitetane.

Nordfjordeid er einaste spelestad i Sogn og Fjordane på turneen som startar i Harstad 23. september og avsluttar i Oslo 18. november.

Sild og Pulverheksa

Hausten i Operahuset Nordfjord tek verkeleg til å fylle seg opp. Sildeoperaen til Opera Nordfjord blir det store høgdepunktet, med åtte framsyningar 4. - 15. oktober. Før det kjem både Pulverheksa (30. august) og Sogn og Fjordane teater på besøk.

MGPjr og Bjørn Eidsvåg

Bjørn Eidsvåg kjem med suksessframsyninga «Etterlyst Jesus» 7. og 8. desember. På MGPjr juleturneen søndag 10. desember er nesten halvparten av billettane allereie selde. Og Nordic Tenors skal setje oss i julestemning 13. desember.