Sissel Ommedal, kommunestyrerepresentant for Kristeleg Folkeparti i Eid kommunestyre, stilte spørsmål om framdrifta på gang- og sykkelveg lang riksveg 15 på Stårheim under kommunestyremøtet torsdag. (Foto: Tormod Flatebø)

Sissel Ommedal, kommunestyrerepresentant for Kristeleg Folkeparti i Eid kommunestyre, stilte spørsmål om framdrifta på gang- og sykkelveg lang riksveg 15 på Stårheim under kommunestyremøtet torsdag. Foto: Tormod Flatebø

Stilte spørsmål om

Gang- og sykkelveg på Stårheim

Kristeleg Folkeparti sin representant i Eid kommunestyre, Sissel Ommedal, stilte i ein interpellasjon spørsmål til ordførar Alfred Bjørlo (V) om framdrifta på gang og sykkelveg lang riksveg 15 under kommunestyremøtet torsdag ettermiddag.

I interpellasjonane viste Ommedal til lovnader i valkampen i 2015, der alle politiske parti var samde om å prioritere gang- og sykkelvegen.

– Tida går og det er «stille» rundt gang- og sykkelveg på Stårheim. Det er ingen tvil om at vi politikarar som sit her ynskjer denne vegen. Det var vi einige om i valkampen og lova på tru og ære at det skulle vi ordne. Framleis er det langs riksvei 15 slik at det er stor biltrafikk og høg fart. Og her ferdast mjuke trafikantar langs vegen til skule og fritidsaktivitetar, sa Ommedal og stilte samatundes spørsmålet; Kor langt er vi komne no?

 

Usikker

–Eg kjenner meg usikker på det, faktisk så usikker at eg lurer på om vi er komne nokon veg i det heile tatt! Vegen står i våre planer som høg prioritet. Det er eit stort dersom, og det er dersom dei som utformar Norsk Transportplan prioriterer det. KrF er bekymra. Er det noko vi kan gjere for å få fortgang i denne gang og sykkelvegen? Eg retter spørsmålet til ordførar, administrasjon, og kollegaer i kommunestyre. Kan vi gjere noko eller må vi berre la humla suse og håpe det beste? For bygdefolket på Stårheim handlar det om noko så grunnleggande og viktig som tryggleik for barn, ungdom og vaksne, sa Sissel Ommedal.

 

Svaret frå Ordførar Alfred Bjørlo

–Tilrettelegging for auka bruk av sykkel og gange i daglegvlivet, og samanhengande gang- og sykkelvegar er eit  er eit prioritert satsingsområde for Eid kommune. Dette låg til grunn då formannskapet den 03.09.2015 handsama saka «Prinsippvedtak om oppstart av planarbeid – Gang og sykkelveg Stårheim», og gjorde følgjande vedtak:

 

«Eid kommune ser det som viktig å få starta opp planprosessen for gang- og sykkelveg langs Rv15 på Stårheim snarast råd, i første omgang strekninga Indre Røed- Stårheim sentrum. Adminstrasjonen får i oppgåve å utgreie nærare kva planprosessar som då må setjast i verk, med mål om å innarbeide planprosessen i ny planstrategi for Eid kommune for kommunestyreperioden 2016-19.»

 

–Dette vedtaket vert følgd opp i Planstrategi for Eid kommune 2016-2020, som vart vedteken av kommunestyret 06.10.2016. Detaljreguleringsplan for gang- og sykkelveg Rv.15 Stårheim, Indre Røed – Stårheim sentrum vert vurdert under temaet «Å bu i Eid». Her står følgjande:

 

«Eid formannskap bad i møte den 3. september 2015 om at planprosessen for ny detaljreguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Rv.15 Stårheim, Indre Røed – Stårheim sentrum vart innarbeidd i ny planstrategi. Normalt er det Statens vegvesen si oppgåve å planlegge tiltak for riksvegane og det er utarbeidd retningsliner for planlegging av riks- og fylkesvegar. Planarbeidet må normalt omfatte ein oversiktsplan for val av aktuelle trasear før utarbeiding av ein detaljreguleringsplan og det må nyttast konsulentar for gjennomføring av planarbeidet. Så lenge prosjektet ikkje ligg inne i Nasjonal transportplan kan Eid kommune ikkje rekne med å få refundert planutgiftene frå Statens vegvesen. Det er vanskeleg å gje eit eksakt kostnadsoverslag på planarbeidet, men til samanlikning ligg utgiftene til planarbeidet for gang- og sykkelveg langs strekninga Klokkargarden – Nor på vel 4, 3 millionar kroner. Dette er ein kostnad som vegvesenet har tatt. Kommunen sine økonomiske rammer, medrekna fondsmidlar, tilseier at dette planarbeidet ikkje kan starte opp dei næraste åra. Med føresetnad om at prosjektet vert teke med i NTP sitt neste handlingsprogram (2018-21), vert likevel detaljreguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Rv.15 Stårheim, Indre Røed – Stårheim sentrum innarbeidd i ny planstrategi med oppstart i 2018.»

 

–Med bakgrunn i kommunestyret sitt vedtak er ikkje arbeid med reguleringsplanen starta opp. Det vil vere naturleg å kome attende til dette når Nasjonal Transportplan ligg føre, sa ordførar Bjørlo i sitt svar til Krf-representant Sissel Ommedal.

–Med bakgrunn i kommunestyret sitt vedtak er ikkje arbeid med reguleringsplanen starta opp. Det vil vere naturleg å kome attende til dette når Nasjonal Transportplan ligg føre, sa ordførar Bjørlo i sitt svar til Krf-representant Sissel Ommedal.
(Foto: Tormod Flatebø)

–Med bakgrunn i kommunestyret sitt vedtak er ikkje arbeid med reguleringsplanen starta opp. Det vil vere naturleg å kome attende til dette når Nasjonal Transportplan ligg føre, sa ordførar Bjørlo i sitt svar til Krf-representant Sissel Ommedal. Foto: Tormod Flatebø