Innføringa er naudsynt for å kunne etterleve nasjonale og internasjonale krav, reglar og standard for sikkerheit.  Arbeidet skjer i stor grad parallelt med nærpolitireforma, men er ikkje ein del av reforma. Det nye systemet skal vere på plass innan første kvartal 2018.

Det skjer store endringar på pass/ID-området. Endringane vil innebere nye rutinar for utsteding av pass, utsteding av nasjonale ID-kort, nytt utstyr og teknologi, krav til fysisk sikkerheit i høve til bygg og personell samt krav til sentral opplæring for alle sakshandsamarar. Ein grundig ID-kontroll og utsteding av rett dokument til rett person vil bidra til å halde kriminaliteten nede.

Føringar frå politidirektoratet

Politidirektoratet (POD) har gitt føringar til politidistrikta om kva som skal leggjast til grunn for vedtak om talet på passkontor og lokalisering av framtidige passkontor.

Føringane som kjem frå POD har fire hovudtema

- Kompetanse

- Sikkerheit og fysiske krav

- Omsyn til innbyggjarane

- Økonomiske og administrative forhold

Arbeidsgruppe i Vest politidistrikt

Det er satt ned ei arbeidsgruppe i Vest politidistrikt som skal utarbeide forslag om tal på og lokalisering av passkontor, her under òg lokalisering av andrelinja i passforvaltninga i politidistriktet. Dei skal utarbeide forslag til talet på passkioskar på kvart passkontor, samt foreslå tal på tilsette på kvart kontor. Dei skal òg vurdere samlokalisering og sambruk av passkioskar med førstelinje utlending. Arbeidsgruppa skal levere sin rapport i veke 12. Vest politidistrikt vil ta endeleg avgjerd om tal og lokalisering innan veke 16.

Det er ikkje sett krav til involvering av kommunane i prosessen når det gjelder plassering av passkontor  slik det var i  organisering av tenestestader og tenesteeiningar.