Åge Solheim.
            (Foto: Arkiv)

Åge Solheim.Foto: Arkiv

Køyrde ut i favorittøvinga

Åge Solheim køyrde ut i første omgang i slalåm under junior-VM i Sverige i dag.

Haugen-løparen har slalåm som si sterkaste øving, og dessverre lukkast han ikkje i dagens VM-løp i svenske Åre. Solheim er den første alpinisten frå Sogn og Fjordane som deltar i eit verdsmeisterskap på over 20 år. Også den gongen var det ein Haugen-løpar, nemleg Marianne Kjørstad.


I storslalåmrennet tidlegare denne veka køyrde Solheim inn til ein 11.-plass. Her hadde han 4. beste tid av alle løparane i finaleomgangen.