Rådmannen i Selje ønskjer å tre til side og gi rådmannen i Eid høve til å ta ansvar for vidare leiarskap i samanslåingsprosessen. Dette betyr etter alt å dømme at Åslaug Krogsæter blir rådmann i den samanslåtte kommunen.

– Eg vil understreke at dette ikkje er avgjort enno, seier Åslaug Krogsæter, og viser til at saka skal opp i begge kommunestyra for avgjerd.

Prosjektleiar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har laga ein rettleiar «Formelle rammer i byggingen av nye kommuner» som skisserer rammene samanslåingane skal skje innanfor. Rettleiaren peikar på at det er formålstenleg å tilsetje ein prosjektleiar som kan planlegge, administrere og drive fram

samanslåingsprosessen. I følgje rettleiaren har det ofte vore slik at projektleiaren også har vore tilsett som den framtidige rådmannen i kommunen.

Vil unngå usikkerheit

I møtet i formannskapet i Eid sist torsdag vart det opplyst at rådmannen i Selje har bestemt seg for å tre til side for at det ikkje skal vere usikkerheit om leiarskapen i prosessen.

– Vi har hatt drøftingsrunde med dei hovudtillitsvalde i begge kommunane, og opplevde tilslutting om dette, sa Eid-rådmann Åslaug Krogsæter.

Det er nedsett eit koordineringsutval i Eid og Selje, som består av ordførarane og rådmennene i dei to kommunane. Planen er at ein gjennom koordineringsutvalet skal leggje til rette for den førebuande prosessen. Formannskapa og kommunestyra vil kontinuerleg oppdaterast og konsulterast i denne fasen fram til formelle vedtak kan gjerast, som gjeld oppnemning av fellesnemnd og etablering av ein prosjektorganisasjon.

Stortinget vil gjere sitt vedtak om kommunesamanslåingar i byrjinga av juni. Det vil truleg vere mogleg å gjennomføre felles kommunestyremøte før utgangen av juni. Eid/Selje vil då kunne velje ei fellesnemnd som kan vere operativ rett etter sommarferien. Kongeleg resolusjon kan drøye til september, og fellesnemnda kan ikkje gjere bindande vedtak før dette skjer.

Som eit ledd i prosessen fram mot samanslåing av Eid og Selje, er kommunestyra kalla inn til felles samling i Fosnavåg 27.-28. mars.