Hovudlandsrennet er uoffisielt NM for 15 og 16-åringar, og i dag vart det altså bronse på stafett både for gutane og jentene i 15. årsklassen. Det var reine Nordfjord-lag som sikra fylket medaljane både på gute- og jentesida.

På gutane sitt lag gjekk Bendik Vereide (Stårheim IL), Ask Haughovd (Stårheim IL), Lasse Flo Bødal (Stårheim IL) og Oskar Guddal Breivik (Markane IL).

På jentene sitt lag gjekk Ingrid Heggen (Stårheim IL), Gunn Kristi Tvinnerreim (Hardbagg IL) og Oselie Henden (Eid IL).

Gull til Markane

Den beste prestasjonen i helga var det Oskar Guddal Breivik som sto for. Markane-løparen tok gull på sprinten laurdag.

Blant jentene var det Ingrid Heggen som oppnådde best resultat med ein 6. plass på normaldistansen.

På stafettane i dag deltok Ingrid Myrold (Stårheim IL) på eit mix-lag i 16-årsklassen med to gutar frå Møre og Romsdal. Dei gjekk seg inn til 2. plass i denne klassen.

Desse deltok frå Nordfjord

Dei som deltok under hovudlandsrennet frå Nordfjord denne helga var:

Stårheim IL: Lasse Flo Bødal, Bendik Vereide, Ask Haughovd, Ingrid Heggen og Ingrid Myrold

Markane IL: Magnus Midthjell Gjørven og Oskar Guddal Breivik,

Hardbagg IL: Martin Aaland, Rasmus B. Tvinnereim og Gunn Kristi Tvinnerreim

Hornindal IL: Magnus Seljeset

Eid IL: Oselie Henden