Dette skal skje i Fosnavåg på Sunnmøre 27. – 28. mars.

– Vi skal ha ei samling for å bli betre kjende med kvarandre. Grunnen til at vi reiser ut av våre eigne kommunar for å samlast, er at det då er lettare å vere samla og bli kjende. Vi vil også få høve til å besøke ein kystkommune som har lukkast med utviklinga, seier Bjørlo.

Det er no heilt sikkert at Eid og Selje blir slått saman til ein ny kommune frå 1. januar 2020, etter at regjeringa og støttepartia denne veka vart einige om ein avtale for det framtidige kommunekartet. Sjølv om saka i praksis har vore meir eller mindre klar sidan dei to kommunane vart einige om å slå seg saman, er Eid-ordførar Alfred Bjørlo glad for avklaringa.

– No er siste rest av usikkerheit rydda av vegen, så no kan vi for fullt gå i gang med samanslåingsprosessen, seier Bjørlo.