Dette stadfestar stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) til Fjordabladet onsdag føremiddag. Sjølv om saka i praksis har vore meir eller mindre klar sidan dei to kommunane vart einige om å slå seg saman, er Eid-ordførar Alfred Bjørlo glad for avklaringa.

– No er siste rest av usikkerheit rydda av vegen, så no kan vi for fullt gå i gang med samanslåingsprosessen, seier Bjørlo.

Samlast i Fosnavåg

Eid-ordføraren fortel at det i dag vil bli sendt ut varsel til kommunestyrerepresentantar i Eid kommune om ei felles samling for kommunestyra i Eid og Selje.

– Vi skal ha ei samling for å bli betre kjende med kvarandre. Dette vil skje i Fosnavåg 27.-28. mars. Grunnen til at vi reiser ut av våre eigne kommunar for å samlast, er at det då er lettare å vere samla og bli kjende. Vi vil også få høve til å besøke ein kystkommune som har lukkast med utviklinga, seier Bjørlo.

Tvang i Sogn

Regjeringa og støttepartia vil bruke tvang i Sogn, men ikkje i andre delar av fylket. Dette er klart etter pressekonferansen som regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet og støttepartia Venstre og Kristeleg Folkeparti heldt i dag.

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) uttalar dette til Fjordabladet om resultatet regjeringa og støttepartia har kome fram til i kommunereformen:

– Når det gjeld kommunar, har vi lagt veldig stor vekt på lokale ønske. Fylkesmenna foreslo ca.100 tvangssamanslåingar. Vi landa på 13, og det gjeld område der det etter vårt syn vil vere uansvarleg å ikkje gjere justeringar. Anten fordi ein kommune ligg og blokkerer for andre som ønsker samanslåing, eller fordi kommunane ikkje vil kunne tilby gode nok tenester åleine. Begge desse faktorane slår til i Sogn. I Balestrand sa folket ja til samanslåing, og det same gjorde Sogndal. Medan Leikanger sa nei. Både Leikanger og Balestrand har svak kommuneøkonomi, som vil bli ytterlegare svekka i åra framover, og har gitt uttrykk for at dei har små og sårbare fagmiljø. Då meiner vi ei samanslåing av Sogndal, Leikanger og Balestrand er fornuftig. Dette er også eit fungerande bu- og arbeidsmarknadsområde i dag.

Ikkje tvang i ytre

Årsaka til at Bremanger får halde fram som eiga kommune, trass i at Vågsøy og Flora ønskjer dei med i ein samanslått kystkommune, dreier seg altså i stor grad om kommuneøkonomi. Rotevatn svarar slik på spørsmål om kva som vil skje med Vågsøy, dersom dei ikkje lukkast med ei samanslåing med Flora:

– Vågsøy er ikkje ein så svak kommune at vi ser det tvingande nødvendig å gripe inn. Dessutan er dei i gong med ein prosess sørover, så det får vi nesten avvente.

Etter det Fjordabladet erfarer vil Vågsøy få stå åleine, dersom prosessen med Flora skulle strande.

Som kjent har Bryggja sendt søknad om å bryte ut av Vågsøy og bli ein del av Eid/Selje.

– Når det gjeld Bryggja har vi registrert at dei har søkt om grensejustering. Dette er ikkje noko som skal til Stortinget, men blir avgjort i departementet, seier Sveinung Rotevatn.

Sogn og Fjordane snart historie

Det er også på det reine at Sogn og Fjordane fylke vil vere historie frå 1. januar 2020.

– Vi brukar styringsretten i regionreforma i enkelte delar av landet der frivillige prosessar ikkje har ført fram, fordi alle fylka har hatt ulike ønske. Det gjeld Austlandet og Nord-Noreg. I midt-Noreg, på Vestlandet og Sørlandet gjekk dei frivillige prosessane bra, og vi har ikkje sett grunn til å rive opp i dei, seier Sveinung Rotevatn til Fjordabladet.