Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet heldt saman med samarbeidspartia Venstre og Kristeleg Folkeparti pressekonferanse 22. februar. Der slo dei fast at dei vil redusere dagens 19 fylkeskommunar til ti regionar.

Dei fire partia la fram ein avtale om kva dei er samde om når det gjeld framtidas kommune- og regionkart. Regjeringa kjem seinare i vår med ein stortingsproposisjon, som Stortinget så skal behandle og vedta i juni.

Mykje arbeid att

Fylkesordførar Jenny Følling er oppteken av at sjølv om det ser ut til å vere semje om regionkartet, så er det framleis mykje arbeid som står att.

– Eg forventar at det kjem nye oppgåver i ein heilt anna skala enn det som er førespegla oss no. Det er heilt avgjerande at dei nye regionane får overført nye og større oppgåver. Det er også viktig for oss å få lande organiseringa og leiinga av fylkesmannsembetet, seier Følling.

I intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland slår dei to fylka fast at fylkesmannsembetet skal leiast frå Sogn og Fjordane, og at det skal ha ei organisering og regional inndeling som samsvarer med regionane.

Etter vedtaket i Stortinget i sommar, er det varsla at det skal setjast ned eit ekspertutval som skal vurdere oppgåveoverføring frå staten til regionalt folkevalt nivå.