Han lastar opp den 22 tonn tunge Volvo lastebilen til Volda Maskin grytidleg kva morgon. Skal han greie tre lass pr. dag må han vere tidleg oppe. Allereie i halv ti-tida er han tilbake i steinbrotet på Naustdal for å hente lass nr. to. Fyrst mellom fire og fem kan han parkere lastebilen for dagen.

Både lastebil og gravemaskin

Lefdal er ein svært maskinkyndig kar og køyrer og gravemaskin. Ofte lastar han og opp steinen sjølv, men i dag er det Anders Stenberg som handterer gravemaskinen. Til Olden vert det køyrt mest stein til muring langs nyevegen, men i steinbrotet vert det og produsert grus, pukk og singel.

Opp til 28 tonn stein kan Lefdal ta med i kvart lass. Det vert ikkje så mange steinar om gongen ettersom kvar stein veg mellom 3 og fem tonn. Lefdal fortel at han har og teke med steinblokker på ni tonn. Då vert det berre tre steinblokker pr. lass.

Stor aktivitet i Olden

Etter ein times køyring er vi framme i på Vangberg i Olden der vi møter prosjektleiar i Volda Maskin Terje Morstøl frå Nordfjordeid. Han fortel at heile anlegget skal vere klart til opning om vel eitt år, og framdrifta har vore god slik at dei ligg godt an i høve til tidsplanen.

Dette er siste parsellen på skrekk-strekninga Olden – Innvik og går frå Olden til Ugla. Strekninga er på 5,3 kilometer, inkludert ein tunnel på om lag 1200 meter. Volda Maskin har ein 30–40 folk i sving på anlegget. Deira folk gjer mesteparten av arbeidet, bortsett frå sjølve tunneldrivinga.

– Mellom anna skal det leggjast 40 000 meter rør med elektriske kablar og teknisk utstyr, fortel Morstøl.

Over 5000 kubikkmeter mur

På Vangberg ventar murbyggjaren på steinen frå Naustdal. Han er halvferdig med eit murprosjekt, og er vel nøgd med lasset Lefdal leverer. Lengste muren i prosjektet går langs sjøen og er på 550 meter med ei høgd på fem meter. Til akkurat den muren har Lefdal køyrt om lag 150 lass stein, minst eit par månaders køyring.

Lass nr. 312

Etter å ha slått av ein prat med anleggsarbeidarane, returnerer Lefdal til Naustdal for lass nr. 312.

Lefdal ser ut til å kjenne nesten alle yrkessjåførane vi møter, han nikkar og vinkar nesten heile tida. Akkurat denne gongen var det trafikk-kontroll på Kjøs, så Lefdal måtte innom der på tur både til og frå Olden. Men Lefdal er kjend for å ha ting på stell, så han slapp lett frå kontrollen.

– Anleggsfolket er spesielt trivelege folk å arbeide med, meiner Lefdal.

Glade dagar på vegen

Lefdal er heilt klart ein mann som likar seg på vegen, og er glad i jobben sin.

–Eg gler meg til kvar dag er kan køyre stein, seier han.

Det har og sanneleg blitt mange glade dagar på vegen for Lefdal. Han fortel at han har køyrt lastebil i mange år på ulike anlegg i fylket, men har aldri vore utsett for alvorlege uhell.

Men ein hjortepåkøyrsel har det blitt, kan han fortelje.

– Det var forresten i Gaular då eg var på jobb der for nokre år sidan.

Rasdramatikk

Heilt utan dramatikk har ikkje livet på vegen vore. Lefdal fortel at han var berre hundre meter unna eit kjemperas på E39 i Sande i Sunnfjord 29. januar i fjor, der raset trefte ein annan bil. Han såg raset komme og at ein av lastebilane i arbeid i området vart treft, og fekk store skader, men sjåføren slapp heldigvis med skrekken og var uskadd.

–Eg var bra skjelven. Det var topp dramatikk, og heilt vanvitig at eg var så nær ei nesten-katastrofe, fortel Lefdal.

28 TONN: Opplasting i steinbrotet på Naustdal. 28 tonn skal opp på lasteplanet. I gravemaskinen Anders Stenberg. Foto: Per Ole Lefdalsnes
SNART HISTORIE: Høgt tempo på Vangberg. Norges verste veg er historie om eitt års tid. Foto: Per Ole Lefdalsnes
150 LASS: Denne muren er 550 meter lang og fem meter høg. Lefdal har køyrt 150 lass stein til den. Foto: Per Ole Lefdalsnes
MURING: Lass nr. 311 vert tippa, og muraren kan halde fram med jobben sin, medan Lefdal returnerer til Naustdal. Foto: Per Ole Lefdalsnes
EIT KNAPT ÅR: Prosjektleiar Terje Morstøl har jobba eit knapt år på anlegget. Volda Maskin sin del av jobben er gjort til jul. Foto: Per Ole Lefdalsnes