Dei største utgiftene i domstolbudsjettet er bemanning og lokale, og DA har allereie sett i verk tiltak når det gjeld bemanning, leigekontraktar og utsett oppgradering av lokale for å redusere omstillingsutgiftene ved eventuelle framtidige strukturendringar.  For å unngå overtallege domstolleiarar, har ein innført prøveordningar med felles leiing med nabodomstol ved ledige domstolleiarstillingar i domstolar som DA ser på som aktuelle for strukturendringar.

Jordskifterettsleiaren i Nordfjord, Eivind Helleland har reagert kraftig på DA sine planar om det han karakteriserer som å støvsuge distrikta ved å ville fjerne det aller meste av jordskifterettane som ikkje ligg i byane. Ifølgje Helleland er den som held i taumane direktøren i DA,  Sven Marius Urke.

Vart oppfordra om å slutte

Helleland fortel til Fjordabladet at han sjølv har blitt forsøkt pressa av direktøren  i Domstoladministrasjonen (DA), Sven Marius Urke til å seie opp jobben sin som jordskifterettsleiar i Nordfjord.

–Vi sat i møte i samband med oppretting av felles leiing Førde og Sogndal, der mellom andre dei dåverande jordskifterettsleiarane i Sogn og Fjordane var til stades. Eg vart minst to gonger direkte oppfordra av Urke til å seie frå meg stillinga, slik at dei også kunne få lagt jordskifteretten på Nordfjordeid innunder Førde, som dei har gjort i Sogndal. Dette er det fleire som kan stadfeste, fastheld Helleland.

I Sogndal vart ikkje domstolleiar erstatta, jordskifteretten der vart lagt inn under Førde då dåverande domstolleiar nyleg gjekk av med pensjon.

Som eigen domstol

Eivind Helleland har ved fleire høve gått friskt ut med sine meiningar og argumentert for å behalde Nordfjord jordskifterett som eigen domstol. Dette både utifrå at det vil innebere at ein opprettheld eit fullverdig desentralisert tilbod til kundane der areala faktisk ligg. Dessutan har dei statlege arbeidsplassane som jordskifterettane utgjer ei ikkje ubetydeleg betyding for lokalsamfunna.

Har samla medieopplag

Helleland registrerer at han med bakgrunn i dette har fått si «mappe» og er ein som DA held auge med. Han viser til at han er rapportert inn til styret. Hans namn er nemnd i sakspapir i styremøte, med alle kritiske mediaoppslag som vedlegg.

Direktør Urke skriv i si orientering til DA-styret at prøveordningane med felles leiing mellom dei to jordskifterettane i Sogn og Fjordane har skapt debatt lokalt, og det vert nemnt spesielt at jordskifterettsleiaren i Nordfjord, Eivind Helleland, har vore aktiv i media og kritisert ordninga.

Ville gi munnkorg

Helleland fortel også at han har blitt oppringt av Urke som har forsøkt å gje han munnkorg.

–  Han har kontakta meg direkte og har bede meg om å slutte å gå til media  med mine synspunkt. Eg er domstolleiar og så kjem han som leiar for eit byråkrati og prøver å hindre at eg nyttar meg av min ytringsfridom! Eg har aldri gått ut og sagt noko anna enn det som er sanninga, fastslår Helleland.

Han kjenner det som si oppgåve både som domstolleiar og som bygdemann å kjempe for å oppretthalde Nordfjord som eigen jordskifterett, og så lenge han sjølv sit i stillinga er domstolen trygg. Det som DA førebels har fått til med felles leiing er inntil vidare prøveordningar, og Helleland har også framleis håp og tru på at ein skal klare å få opp att både Sogndalskontoret og Vossakontoret  om det kjem ei ny politisk leiing her til lands.