Fleire tusen korpsmusikarar samlast i Grieghallen i Bergen til helga. Det er duka for to dagar med konkurrering i seks divisjonar. 79 korps deltek totalt, fem av dei frå Sogn og Fjordane.

Opprykk i fjor

I fjor kom Kjølsdalen musikklag på andreplass i 5. divisjon, dermed rykka korpset opp. 4. divisjon inneheld 15 korps frå åtte fylke. I tillegg til Kjølsdalen, deltek Florø hornmusikk frå Sogn og Fjordane. Dei andre NM-korpsa frå fylket er Jølster (2. div), Flora-Bremanger (3. div) og Fjordbrass Lavik (5. div).

Mange unge

Dei 33 musikantane i Kjølsdalen musikklag kjem frå heile Eid kommune: Kjølsdalen, Stårheim, Haugen, Nordfjordeid og Hjelle. Alderen spenner frå 15 til 66 år.

Heile 13 av musikantane er ungdommar, og spelar òg i skulekorpsa i Kjølsdalen eller Stårheim.

Dyktige dirigentar

Arvid Anthun skal dirigere kjølsdalingane på NM. Den svært dyktige dirigenten bur i Førde, og har oppdrag som dirigent og dommar både i inn- og utland. Anthun er oppteken av og klarer å hente ut det beste av kvar enkelt musikant og korpset som heilskap. Han og Thomas Aanonlie frå Sandane deler på dirigentjobben i Kjølsdalen denne sesongen. På NM spelar Thomas slagverk.

Spelar eitt stykke

I noregsmeisterskapen spelar korpsa eit sjølvvalt nummer på inntil 15 minutt. Kjølsdalen musikklag skal framføre «Valerius Variations» komponert av Gordon Langford. Stykket er basert på eit tema av Händel, og blandar barokkstil med vår tids uttrykk med brassbandinstrumentering.

Opa generalprøve

Tysdag 31. januar kan alle få høyre NM-stykket. Då inviterer Kjølsdalen musikklag til opa generalprøve i Kjølsdalen samfunnshus.

– Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til å høyre på. Generalprøva er viktig for at vi skal få øve på rutinane rundt det å framføre stykket, og publikum gjer at situasjonen blir litt slik det som ventar oss i Bergen, seier leiar Anne-Britt Dypveit.

Bryr seg ikkje om resultat

Verken korps eller dirigent er opptekne av plassering og resultat i konkurransen.

– Det er ikkje motivasjonen vår for å delta. Vi brukar NM som eit middel for å bli betre, og konkurransen er til sterk inspirasjon for oss. Viss vi går av scena og føler vi har gjort vårt beste, har vi nådd målet vårt. Så får vi sjå kva plassering det eventuelt fører til, seier Anne-Britt Dypveit. NM er òg eit sosialt høgdepunkt for korpset, i tillegg til at ein får høvet til å høyre dei aller beste korpsa i landet.

I elden laurdag

Kjølsdalingane reiser til Bergen torsdag ettermiddag, med øving rett etter ankomst. NM startar fredag, då blir det god tid til å høyre på andre korps i tillegg til øving. Laurdag kl 13.40 sit Kjølsdalen musikklag på scena i Peer Gynt-salen i Grieghallen.

− Vi gler oss, seier Anne-Britt Dypveit på vegne av dirigent og musikantar.