I hovudsalen i Operahuset Nordfjord er det så godt som fullt, men det er ledige plassar på galleriet. Du har altså framleis sjansen til å sjå året russerevy, som fekk enorm applaus frå publikum etter premieren fredag kveld.

Handlinga

Dette er handlinga, slik elevane sjølve presenterer den: "Det ulmar til kaos når Eid set sitt merke på verdskartet. Kva vil skje? Kjem ordføraren til unnsetning, eller er det han som står bak lapskausen i Eid? Har Alfred Bjørlo ein pose? Er det mjøl i den? Og i så fall, er det reint? Eit superhelt-team beståande av lærarar frå Eid vgs har tatt på seg ansvaret for å stoppe Bjørlo og hans dristige framtidsplanar for Eid. Både den norske regjeringa og fleire kjente amerikanske ansikt har gjort seg opp meiningar om Eid som eigen stat."

Rollelista

Det er Ådne Reidar Nes Kleppe som har hovudrolla som Alfred Bjørlo. Blant dei andre sentrale rollene er Christianne Dalsbotten Solvåg som Janne Endal Andersson, Erling Aabrekk som Ove Bjørlo, Johan Espelund som Jan Håvar Henden og Stijn van Oorschot som ein karakteristisk lespande og skarrande Sveinung Rotevatn.