Det er eit stort behov for eit lokale som kan nyttast som klubblokale med servering og overnatting ved skianlegget på Tua. Det er eit området/anlegg som er mykje nytta både av turgåarar, mosjonistar, og aktive løparar.

– Alle desse brukargruppene vil kunne få eit betre tilbod ved etablering av desse lokalitetane. Det er og tenkt å nytte klubblokale til blant anna overnatting i samband med treningssamlingar og stemne. Dette gjev kort ved til trenings/konkurransearenaen, noko som er ein fordel reint logistikk messig ved samlingar. Med den aukande idretts/friluftsaktiviteten i området Tua, Fladalen og Lindvikdalen vil dette vere eit kjærkome tilbod til utøvarar og alle brukarane av områda både sommar og vinter, heiter det i søknaden. Første søknadsår var i 2016. Søknadssum i 2017 er 461.000 kroner.

Fellesanlegget Tua har søkt om spelemidlar til klubblokale.

Skiovergang

Det er også søkt om skiovergang. Denne skiovergangen er planlagt for å kunne avlaste parkeringsproblema som er store når det er renn og utfartsdagar om vinteren. Med denne skiovergangen kan ein få alle bilane opp til parkering ved Fellesanlegget Tua, og hindre farlege parkeringar langs E39. I tillegg vil ein sleppe å nytte parkeringsplass på andre sida av E39 og ein vil då unngå farlege kryssingar av vegen.

Første søknadsår var i 2016. Søknadssum i 2017 er 293.000 kroner.