I dag hadde forhandlingsutvala i Eid og Selje felles møte i Selje. Deretter heldt formannskapa i dei to kommunane eigne møte, der saka om samanslåing vart tatt opp til behandling.

Samrøystes i Selje

Formannskapet i Selje vedtok samrøystes å tilrå kommunestyret seie ja til intensjonsavtalen om å slå seg saman med Eid.

Formannskapet i Eid sa ja til tilsvarande vedtak, mot dei to røystene til Ståle Sandal og Ida Elisabeth Lien frå Senterpartiet.

Saka skal opp i kommunestyra i Eid og Selje komande torsdag.

Vågsøy og Flora

Under formannskapsmøtet for Eid vart prosessane i nabokommunane også eit heitt tema. Spesielt då det kom fram at kommunalminister Jan Tore Sanner skal ha gitt Flora og Vågsøy kommunar klarsignal til å forhandle om ein intensjonsavtale om samanslåing. Samstundes skal Bremanger ha fått garanti om framleis å få stå åleine.

Bryggja og Eid/Selje

Bryggja utviklingslag har sendt ein formell førespurnad til Eid kommune om eit møte, der tema er å bli ein del av Eid/Selje. Dette opplyste Eid-ordførar Alfred Bjørlo om i det felles møtet mellom kommunane før formannskapsmøta i dag.