To år etter filmen «Fifty Shades of Grey» kjem oppfølgjaren «Fifty Shades Darker». Og som i 2015 er dette ein av filmane på Eid kino som sel mest billettar på førehand. Tre veker før premieren, som er 10. februar, er det selt nær nitti billettar, og berre ti billettar er igjen. Og som sist er det Jamie Dornan (35) og Dakota Johnson (28) som har hovudrolla i denne erotiske filmen, som skal innehalde rundt tjue prosent sexscener. I medieomtale av filmen kan ein lese at denne gongen blir det mørkare, kva det no enn skal bety. I alle fall så er det klart for ein ny runde med Grey der vi møter den unge og uerfarne litteraturstudenten Anastasia Steele og den mørke og mystiske milliardæren Christian Grey.

Pengemaskin

Fifty Shades- filmane er laga etter boktriologien av Erika Mitchell James. Serien har vekt stor merksemd på grunn av sine erotiske scener med element av BDSM. Bøkene til E.L. James er seld i over 125millionar eksemplar, på 52 språk. Suksessforfattar E.L. James er i gang med den fjerde boka. Den tredje filmen er allereie spelt inn, og skal ha premiere 9. februar 2018, med tittelen «Fifty Shades Freed». Søk på nettet etter bilde frå denne filmen kan ein sjå at her er hovudpersonen Anastasia Steele gravid, og seinare får ho eit barn som veks til.

Rekord i boksal

Då den tredje del av bokserien blei utgjeven i januar 2012, hadde nyhendekjelder i USA starta med å bruke triologien som eit eksempel på viralmarknadsføring, og den stigande populariteten til kvinnefokusert erotika. På grunn av den auka interessen for serien, blei rettane til bokserien overteke av Vintage Books for ei ny utgjeving i april 2012. Då den første boka i triologien blei utgjeve i pocketbokformat, slo den alle rekordar for talet på selde eksemplar på ei veke, med 205.000 selde. Dei som har lese boka har delte meiningar om trilogien. Nokon er i ekstase, medan andre meiner at verket er trivielt. Etter innspeling av tre filmar seier Jamie Dornan i hovudrolla at han er ferdig med «Fifty Shades». No vil han over på andre roller og andre utfordringar. Så om forfattar E.L. James vil ha filmatisering av også den fjerde boka, må ho sjå seg om etter ein annan mann i hovudrolla.

Dakota Johnson: Spelar den kvinnelege hovudrolla som den unge studenten som møter den eldre milliardæren. Foto: Picasa
Jamie Doran: Hovudrulleinnehavar Jamie Doran har spelt inn tre Fifty Shades-filmar og vil no satse på andre roller. Foto: Pressefoto