– Rekkverket er veldig dårleg, og nokre av stolpane har losna. Lysregulering og innsnevring av køyrefelt er eit hastetiltak og ei mellombels løysing. Rekkverket er bygd for ei annan trafikksituasjon, og ein annan sikkerheit. I dag er den berre trygg nok for gåande, seier prosjektleiar Jorunn Hillestad Sekse i vegseksjonen for Statens vegvesen i Sogn og Fjordane.

Ho forklarer at det ikkje finst midlar til å gjere noko med dette no, men at dei arbeider med å få på plass eit rekkverk som toler dagens trafikkbilde.

– I dag er det 60 sone på brua, og det finst ikkje eige felt for gåande. Vi ville aldri fått bygd ei slik bru etter dagens standard. Det er ei smal bru, med knapt to køyrefelt. Vi vil sette opp eit mellombels rekkvert, og så må vi ta tak i situasjonen og finne løysingar, slik at både køyrande og gåande kan komme seg trygt over.

Men inntil vidare må køyrande som skal rekke ferja på Anda-Lote belage seg på å vente.