Temaet for møtet som byrjar klokka 18.00 er den pågåande samanslåingsprosessen mellom Eid og Selje. Forhandlingsutvala i dei to kommunane vart fredag 6. januar samde om ein intensjonsavtale om kommunesamanslåing.

Heile intensjonsavtalen kan du lese her.

Saka skal opp i felles formannskapsmøte komande torsdag. Dette skjer i Selje. Torsdag 26. januar skal saka opp i kommunestyra i Eid og Selje. Endeleg vedtak blir gjort av Stortinget i juni.