Forhandlingsutvala i dei to fylka har møte på Bjørnefjorden Gjestetun i Os 16. og 17. januar. Fylkesordførar Jenny Følling leiar forhandlingane for Sogn og Fjordane.

– Vi har eit godt forhandlingsklima, men skal gjennom krevjande punkt. Eg håpar vi skal kome fram til ein god avtale, seier Følling.

Fylkesordføraren har med seg desse fire i forhandlingsutvalet:

•          Åshild Kjelsnes, fylkesvaraordførar

•          Noralv Distad, gruppeleiar Høgre

•          Tore Eriksen, fylkesrådmann

•          Elin Schei Stuhaug, fylkeshovudstillitsvald

Fylkestinga i dei fylka skal handsame intensjonsplan i starten av februar. Fylkestinget i Sogn og Fjordane har møte torsdag 2. februar, medan fylkestinget i Hordaland handsamar saka dagen etter, fredag 3. februar.